Aktuelt

Ødegård heidra på Bjørnsonfestivalen

Knut Ødegård fyller 70 år. Diktaren fyller 48, og gjendiktaren 32 år. Edda fyller 13-900 år, alt ettersom korleis ein reknar, eller kven ein spør….

img_5429

Knut Ødegård fyller 70 år. Diktaren fyller 48, og gjendiktaren 32 år. Edda fyller 13-900 år, alt ettersom korleis ein reknar, eller kven ein spør. Spør ein Knut Ødegård, får ein eit svar i form av tre, snart fire band med Edda gjendikta. Eit kosmopolitisk verk, skal ein tru tidlegare president på Island, Vigdis Finnbogadottir. «Vitur» er den som har reist ut i verda og er danna og informert. «Heimskur», står det i Håvamål, er den som ikkje har vore ute og lært seg dette og hint. Ødegård er ein reisande i kultur og landskap. Men han kjem alltid attende til heimbyen Molde. Molde feirar han med fleire Ødegård-postar på programmet på årets Bjørnsonfestival. Ødegård les frå samlinga, og snakkar med den islandske poeten Gerdur Kristny om Skirnismál og annan Eddadiktnad. Ikkje minst lanserer ein Cappelen Damms samla Ødegårddikt denne festivalen. Redaktør for boka, Endre Ruset, presenterer Drankarar og galningar. Ruset er sjølv poet, er sjølv frå Molde, og var 10 år gamal då Ødegård var med på å starte Bjørnsonfestivalen. «Adjunkt Ruset», kalte Ødegård Ruset den gongen, og hadde han til å springe etter kaffi og vekslepengar til seg og sine festivalarrangørar. Unge Ruset var fascinert av forfattarane den gongen. Den eine snodigare enn den andre. «Knut var den snodigeste av dem alle», skriv Ruset i eit essay i Romsdals Budstikke denne helga. Knut Ødegård; med stokken høgt heva i ein parade gjennom Molde. Han er statsstipendiat og generalkonsul, er poet og gjendiktar, og har vokst så innmari ifrå festivalen som han ein gong skipa. Det er imponerande, då festivalen sjølv har vokst og blitt ein herleg rekkje hendingar. Underteiknande måtte i år forsake X og Y for å få med seg Kim Leine, og X og Y for å sjå Edward Snowden prosjektert live i Teatret Vårt. For å nemne noko. Men det ein alltid får med seg som festivaldeltakar i Molde, er lufta, lyset, smaken av den gode lufta. Det er ei ro over Molde. Og den opnar sansane, og gir alle som tar seg tid, god søvn.