Og lyrikken held fram

  Poesi og idrett er ikkje så mykje av motsetnader som enkelte skal ha det til. Forfattarar som svenske Ivar Lo-Johansson og norske Dag Solstad…

© Tove Breistein

 

Poesi og idrett er ikkje så mykje av motsetnader som enkelte skal ha det til. Forfattarar som svenske Ivar Lo-Johansson og norske Dag Solstad er av dei som anerkjenner idrett som interessant å observere – men vanskeleg å eine med å vere intellektuell. 

Stafett-prinsippet blir imidlertid stadig brukt i presentasjonen av dikt. DnF har òg blitt med på denne stafetten av diktstafettar. Før jul presenterte vi norske poetar på denne måten. Den eine poeten delte dikt med oss, og sendte oppmodinga vidare til den neste. Takka vere diktarane sin velvilje, gjekk løpa smidig, og rundetidene blei gjennomført på idealtid: Kvar søndag kunne vi presentere eit nytt dikt, ein ny diktar. 

Så populært blei dette at Aftenposten vil publisere hauststafetten i avisa si i vår. Og vi, vi fortsett også i 2013. Sistemann med pinnen var denne friskusen i superundertrøye – som steig opp på ein fjelltopp og delte dette diktet. Han ønskjer å høyre frå Terje Tørrisplass. Tørrisplass (f. 1957) debuterte som forfattar med ei diktsamling på Samlaget i 2010, og kallar seg sjølv ein nerd på linedeling. Dei første lange linene i dette diktet av han kjem ikkje til sin rett i den smale sitatspalta til DnF. Men Tørrisplass meiner det får stå sin prøve, og oppmodar Sindre Ekrheim til å bidra med dikt i neste veke. Ekrheim debuterte det same året som Tørrisplass, med ei diktsamling på Samlaget.