La oss starte 2011 med ei nyttårsgåve frå Skottland: Alec Finlay (f. 1966, Inverness) er ein skotsk kunstnar, og son av Ian Hamilton Finlay. Alec vaks opp mellom dikt på steintavler i "Garden of Concrete Poetry". Her leikte han om sommaren. Her blei sjuk av væte og kulde om vinteren. Han låg til sengs, under "alt for kvite laken", og utvikla ein kjærleik til tettskrivne ark. Finlay starta forlaget Morningstar Publications, seinare Pocketbooks, og reiste no og då
til Skjolden i Norge for å gå i spora etter forfattaren og filosofien Ludvig Wittgenstein. (For Wittgenstein og
Norge, les Det stille alvoret. Ludwig Wittgenstein i Norge 1913–50 (Samlaget, 1994)). No jobbar Alec mest som kunstnar, på Studio Alec Finlay. Og som kunstnar er det at han sender kunstnarvenner ei vinterhelsing. Bildet er frå "Moon-gate", Springburn Park. Skulpturen har han laga sjølv. «Blue Bells of Scotland» var publisert av George Thomson omkring 1800. Det er uklart om forleggaren Thomson sjølv skreiv folkevisa, eller om det var ein av kunstnarvennene hans, Fru. Anne Grant av Laggan.
Oh where, tell me where, is your Highland laddie gone?
He’s gone wi’ streaming banners where noble deeds are done
And it’s oh, in my heart I wish him safe at home