Aktuelt

Økland 75 år! Øklandseminar!

Ein heil dag med fagleg og festleg påfyll. Slik skal ein feire diktaren, konsulenten, kritikaren, Profilforfattaren og fagrørslemannen Økland. Hadle Oftedal Andersen skal prate om…

oklandseminar

Ein heil dag med fagleg og festleg påfyll. Slik skal ein feire diktaren, konsulenten, kritikaren, Profilforfattaren og fagrørslemannen Økland. Hadle Oftedal Andersen skal prate om Økland "og poesiens desentralisering. Om Øklands dikt for vaksne og born." Paal-Helge Haugens framlegg har tittelen "Skinn og bein/ Ei anatomisk skisse av nokre øklandske dikt." Og ikkje minst kjem Karin Moe. Laurdag som var, skreiv ho om Økland i Klassekampen. Ho skreiv om den delen av Øklands forfattarskap som er bestilt Den som bestiller inn Einar Økland må vita at skribenten balanserer mellom ertelyst og offervilje. Ein bør også kjenna musikkamatørens jazza sans for The Big Surprise. 

Oj, oj, oj, hvilken sak det skal bli, skreiv VG på framstida si i mars 1969 då NRK brukte Øklands dikt Arne som tekst til ein melodi, krav Økland 10000 kroner i erstatning. Det var i programmet Åpen post at Elizabeth Granneman sang Arne til melodi av Einar Schanke. Her ser ein fagforeningsmannen Økland: Han som nettopp hadde vore med på å starte Forfattersentrum. Han var ei av vaktbikkjene som passa på at forfattarar fekk formidle litteraturen sin, og ikkje minst fekk rett betalt. I Forfattersentrum var han styremedlem 1968–71 og dagleg leiar hausten 1973. Han har vore styremedlem i Norsk Litteraturkritikerlag i to periodar, styremedlem i Den norske Forfatterforening 1989–94, medlem og seinare formann i Det litterære råd 1973–78. I alle år frå 1981 til 1996 var han medlem i ankenemnda for dei litterære innkjøpsordningane i Norsk kulturråd, der han 2001–04 også var varamedlem og seinare medlem i rådet. 1998–99 var han professor 2 ved Høgskulen i Volda.

Som forfattar debuterte Økland med dikt, med Ein gul dag på Samlaget i 1963, og markerte seg då med nyskapande diktbøker og romanar for vaksne. Han var ein av dei sentrale i krinsen rundt det litterære tidsskriftet Profil på 1960-talet. Økland er òg ein av dei viktigaste fornyarane i moderne norsk barnelitteratur. Han debuterte som barnebokforfattar med diktboka Du er så rar i 1973. "I barnebøkene utvidar han grensene for diktet, forteljinga og sakprosaen", står det i programmet for Øklandseminaret. 

Einar Økland har motteke mange litterære prisar, m.a. Aschehougprisen, Gyldendalprisen, Doblougprisen, Samlagsprisen og Premio Europeo Pier Paolo Vergerio (barnebokpris).

Den nyaste boka hans er Nokre valsar, gamle og nye (2014). Og i tillegg til dette har han arbeidd som litteraturkritikar og forlagskonsulent, og ikkje minst levert det som Karin Moe tel som 2000 sider bestilt litterært verk. Sjølv då er Økland politisk, skal ein tru Moe, som skriv vidare i artikkelen i Klassekampen:

Ein kan bli både forbina og opp under og bratt opplyst av å lesa korleis Einar Økland taklar å bli utsett for entreprenørskap på kunstfeltet. Det er lett å skjøna at kunstnarens mest krevjande enterprise er å takla entreprenørane.