Aktuelt

Olava og bønnestenglane

Olava Bidtnes blir fødd i foreldra si seng i Stjørdal. Ho veks opp der, på garden i Trøndelag. Men får ambisjonar og utfartstrong og utdannar…

fro

Olava Bidtnes blir fødd i foreldra si seng i Stjørdal. Ho veks opp der, på garden i Trøndelag. Men får ambisjonar og utfartstrong og utdannar seg til sosionom ved Norges kommunal-og sosialhøgskole og ved Den Sociale Høyskole i København. Ho spesialiserer seg i arbeid i barne-og ungdomspsykiatri, og jobbar med familiar og nettverk. Seinare jobbar ho meir med vaksne. Og så, etter pensjonsalder, byrjar ho eit heilt nytt liv. Olava fortel:

Sidan eg debuterte da eg var 66 år gamal, må dette bli kortkortversjonen av ei lang forhistorie.

Eg har  alltid vore ”forelska” i språk. ”No livnar det i lundar, no lauvast det i li/ den heile skapning stundar , no fram til sumars tid”. Og forundra, over at somme ord la seg bedre til rette i munnen enn andre. Kvifor vokalane t.d. ikkje treivst med aggressive uttrykk og omvendt.

Har vel alltid ”stunda” etter  å finne passande ord for kjensler ein så vidt veit at ein har.

Som klinisk sosionom har eg heile mitt yrkesliv jobba i psykiatrien. Det å forstå kvarandre sitt språk er sjølvsagt essensielt. Ikkje minst å dvela ved den andre sine metaforar.

Ein er ikkje bedre, verken som terapaut eller forfattar, enn si neste setning. Og den ettervirkninga ein vonar skal skje.

Etter at eg på 70-talet opplevde Inger Christenesen i København og budde i kollektiv der Dea Trier Mørck jobba, vekste ønsket om å uttrykke seg skriftleg. Sidan eg tvilte på om det eg skreiv var av interesse for andre og eg dessutan brukte energien på å delta i folk si livsmeistring, heldt eg meg til knappe journalnotat med teieplikt.

I tillegg til å vera huspoet på Åsgård sjukehus og skrive eit og anna til ”Søndagposten”,

fylte eg opp skuffene.

I 2000 slengde eg inn ein liten tekst da Gyldendal/Braathens Safe ville ha ”Frokostdikt”.

Å bli prenta i 800 000 eks. og få Barcelona-tur i premie ga meirsmak.

Eg leste Helge Torvund sine leksjonar og mykje anna nyttig og så skreiv eg til tekst og kropp kom inn i same rytme. Sidan har eg skrive. Mest poesi (forløysande å oppheve tyngdekrafta) som eg tenker på som språket sin biopsi. Eg gjev utsleppsløyve der trykket er størst. Dette vil seie at mykje framleis passar best i skuffen. Men mest nøgd er eg når eg lukkast med ein samfunnskritisk tekst.

Og når eg får auge på noko eg ikkje før har sett. Det er mitt ander prosjekt. Eg tek makrofoto i ein radius 4 meter frå senteret. (kjøkkenbordet) Da får eg med veranda, snø og is vinterstid. Alt det vakre og rare som finst tett på overraskar meg stadig, noko som og har endra synet mitt på kor verda finst. Det har vorte nokre fabeldyr, men eg lovar at eg (ingen) aldri er heime aleine!

Eg har nyleg flytta til Bærum etter 47 år i eggeplommen Tromsø, der eg fann meg vel til rette inne i det litterære miljøet. Her startar eg på null. Tida vil vise om eg vert der.  Så langt har eg lest spesialskrive på Palestinakonferanse her i Oslo. Elles er eg interessert i jord, menneskje, havet, døden og hele hærligheten.

(Olava Bidtnes, juni 2015)