Om å breie sine ringar utover samfunnsvatnet

Siri Økland kjem frå Stord i Sunnhordaland, og utdanna seg til litteraturvetar ved Universitetet i Bergen på nittitalet. Ho jobba først i TV 2 i…

siriokland

Siri Økland kjem frå Stord i Sunnhordaland, og utdanna seg til litteraturvetar ved Universitetet i Bergen på nittitalet. Ho jobba først i TV 2 i Bergen, og byrja så i internettavdelinga i Bergens Tidende i året 2000. Økland blei leiar for Bergenspuls-redaksjonen, før ho kom til kulturavdelinga i 2005. 

Når underskrivande møtte henne i nettopp Bergens Tidende på nyåret 2007, møtte eg ein skarp, engasjert – og  underfundig journalist; ein unik kulturjournalist som skreiv ikkjetabloid og «smalt» om forfattarar, oppsetjingar og så vidare. Øklands artiklar hadde det vesle ekstra. Ho fekk noko fram i folk. Eg minnast eit intervju med Fosse, det var nok det som famøst nok blei omsett til bokmål for Aftenposten Poenget er at i det portrettet vart eg plutseleg kjent med Jon på nytt. 

Men i 2016 blei eg kjent med ei ny side av henne. Først gjennom ein heilt unik og sterk Instagram-feed som kombinerte opne og poetiske fotografi med sterke og velskrivne tekstar. Eg møtte ein poet, og eg møtte røynsle med og refleksjonar omkring det å ha kreft. 

Så inviterte Samlaget Økland til å gi ut bok basert på tekstar frå denne Instagram-kontoen. Det blei i 2017 til den lyriske kortprosa- og fotoboka Det står til liv. I 2019 kom diktsamlinga Den tid, den song. Det handlar blant anna om døden og livet, og om å ha uhelbredeleg kreft, som Økland har. 

MK: Kva vil du dele i dag om denne store røynsla som du har gjort i livet, altså medvetet om døden. Kreften? 

SØ: Det er ingen løyndom at eg har kreft som ikkje kan kurerast, og ja, den første boka mi handlar nettopp om ei kvinne som opplever dette. Eg fekk kreft første gong då eg var 37 og mor til tre jenter mellom 0 og 9 år. I åra etterpå fekk eg tilbakefall fleire gonger, og eg går no på cellegift som livsforlengande behandling. Takka vera norsk helsevesen, lever eg vel. 

Det er ingen grunn til at ein kreftsjuk skal bli lesen meir biografisk når han eller ho skriv om kreft enn at ein skild forfattar skriv om samlivsbrot.

Erfaringa med kreft og alt det som følger med er eit materiale eg har brukt litterært. Gro Dahle sa ein stad at «mor» har ein tendens til å hijacka, altså kapra, ein tekst. Eg har erfart at «kreft» har lett for å gjera det same. Kreft meir enn sjølve «døden» faktisk, som også har ein plass i begge bøkene mine. Dette viser seg på fleire vis, men er særleg tydeleg i tendensen til å bli lesen biografisk (og kanskje derigjennom også som nyttelitteratur). Det er derfor ingenting som gler meg meir enn at eg i stor grad også er blitt lesen litterært, at eg blir invitert til litterære arrangement og festivalar, og at begge bøkene mine er innkjøpt for ordninga for skjønnlitteratur. Det er ingen grunn til at ein kreftsjuk skal bli lesen meir biografisk når han eller ho skriv om kreft enn når ein skild forfattar skriv om samlivsbrot.

Når dét er sagt, eg synest det er svært givande å lesa opp for kreftpasientar og helsepersonell, som eg også blir invitert til. Men eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har smilt høfleg, men blast når folk seier Takk for at du deler! Eg skjønner at det er meint som eit kompliment, men det er samstundes ei utilsikta redusering. Det er eit paradoks at dét som for mange lesarar er ei slags legitimering av kvaliteten på boka, altså at eg veit kva eg snakkar om, også ber i seg det motsette: Det å dela – å snakka ut, stå fram – er for meg noko anna enn det eg driv på med, som enkelt sagt er å jobba med språk og form. Dette munnhellet, Takk for at du deler, trur eg er meir utbreidd når det gjeld krefterfaring enn mange andre slags livserfaringar. Men sannsynlegvis er det oss skrivande som er mest opptatt av slike detaljar. For lesaren er det likegyldig om forfattaren deler eller diktar eller kva det er, berre boka er bra. 

Det å dela – å snakka ut, stå fram – er for meg noko anna enn det eg driv på med, som enkelt sagt er å jobba med språk og form.

MK: Ein forfattar er ein profesjonell «delar», altså forteljar. Difor er det forståeleg at du ikkje berre vil ha kredd for at du fortel. Du ønskjer å få kredd for profesjonaliteten din? 

SØ: Med «deling» i denne samanhengen meiner eg å fortelja om seg sjølv for å få sagt noko om seg sjølv. Eg oppfattar Siri Økland som den minst viktige i møtet mellom boka mi og lesaren. Når det gjeld kreft, verkar det som det er vanskelegare å skilja mellom forfattarens liding (og antatte trong til å dela) og det å bruka ei erfaring som litterært stoff, slik det ikkje er uvanleg at forfattarar gjer.

MK: Har du likevel observert at bøkene dine har hatt ein verknad på folk, og på måten ein snakkar eller ikkje snakkar om sjukdom og død?

SØ: Det er eit minefelt for ein forfattar å seia noko om kva eigne bøker har betydd for lesarane, men eg har sjølvsagt fått eit inntrykk ut frå tilbakemeldingane. Eg reknar med at ein del har styrt unna den første boka mi på grunn av tematikken, og dei høyrer ein jo ikkje frå. Faktisk hadde eg trudd at den skulle utløysa meir berøringsangst enn det eg opplevde at den gjorde. Men tilbakemeldingane frå lesarar og lyttarar har utelukkande gått på at det har vore godt å bli berørt og fint å få eit rom til å reflektera over eige liv. 

Av bøker som tematiserer kreft, finst det ikkje veldig mange som ikkje fell inn i kategoriane sjølvhjelp, dette er mi historie eller er reine fagbøker. Boka mi skil seg frå mykje annan «kreftlitteratur» ved at tekstane er gitt ut for å opplevast i seg sjølv, ikkje som middel for å nå eit mål utanfor boka (for eksempel hjelpa andre, gi håp, opplysa om fakta). Den har ikkje endra måten ein snakkar om sjukdom og død på generelt i samfunnet, men svært mange lesarar har fortalt at dei har fått ord for noko dei har kjent på eller tenkt på sjølv, og det gjeld ikkje berre sjukdom og død, men også andre aspekt ved livet. Eg trur ei kvar bok som får ein verknad på ein lesar eller to, breier sine ringar utover samfunnsvatnet. 

MK: Du er Einar Økland si dotter, og du har ei mor, og besteforeldre, som eg ikkje veit noko om. Kva er forholdet ditt til slektskap – i livet og i litteraturen? 

SØ: Då eg gav ut den første boka mi, kjente eg ikkje på nokon form for litterær slektskap. Boka, som har kortprosa og foto side om side gjennom det heile, skapte sin eigen sjanger, vil eg seia. Med andreboka, ei rein diktsamling, var det annleis. Ikkje på den måten at eg sjølv bevisst skreiv meg opp mot ein tradisjon, men med dikt var det meir påtrengande at det faktisk fanst ein tradisjon: Poesien, den store. Innimellom kunne eg føla meg litt freidig, rett og slett, som kom her og kom her.

Dei få gongene eg høyrer at nokon får assosiasjonar til andre forfattarar når dei les eit dikt eller ein tekst av meg, er det alltid til ein nynorskskrivande. Det i seg sjølv synest eg er interessant, og det fortel meg noko om kor sterk ein markør nynorsken er for mange. Men sjølv om eg, som alle forfattarar, står i eit forhold til for- og samtidige kollegaer, skriv eg ikkje i dialog med nokon. 

Og når det gjeld slektskap i livet? Både det å vera eit ledd i ei generasjonsrekke og det å høyra til ein stad er noko eg har skrive om i bok nummer to. Eg har nok litt lettare for å sjå meg over skuldra no når det er meir usikkert kva eg har framfor meg.

MK: Einar Økland er ei særs markant røyst – både som forfattar og fagrørslearbeidar. Kva har det å ha vokse opp i hus med han gjort med haldninga di til litteraturen og til språket?

SØ: Tja, kva veit me eigentleg om blitt sånn eller født sånn? Det eg veit er at eg hadde rikeleg med tilgang på ikkje berre bøker, men også papir og skrivemaskin i oppveksten. Og snakk. Ordentleg snakk. Eg kunne lesa då eg fylte fire, og las alt eg kom over. Dei radikale foreldra mine var normative på ein del område, men ikkje når det gjaldt språk og litteratur. Bøker versus teikneseriar var ein diskusjon som pågjekk blant ein del vaksne, hugsar eg, og somme foreldre var redde for at Donald-blad skulle gi barnet deira dårleg språk. Sjølv måtte eg gjerne lesa Donald om eg ville, berre foreldra mine slapp å kjøpa blada. Å støtta Disney-konsernet økonomisk, det dreiv dei ikkje med. 

Eg er nok eit godt døme på dette som norsk alkoholpolitikk er tufta på: Auka tilgang gir auka forbruk. Sannsynlegvis opplevde eg ikkje så mykje direkte eller påtrengande haldningspåverknad fordi eg sjølv hadde slik glede av både lesing og å finna mine eigne ord då eg vaks opp. 

MK: Haha, akkurat. Så kva då med det å jobbe i journalistikken i alle dei åra, å ha så stor tilgang på litteratur og forfattarar i jobbkvardagen; korleis kan vi sjå det i forfattarskapen din? 

SØ: Ja, sei det. Det første som slår meg når du spør om dette, er at forfattarrolla er avmystifisert for meg. Kanskje mest fordi eg er vaksen opp med ein far som ikkje gjorde noko vesen ut av det å skriva bøker. I den grad det var spesielt, var det omverda som kom rekande med det. Far min har for eksempel aldri, og då meiner eg aldri, bede meg om å vera stille fordi han skulle skriva. Det må ha funnest leveringsfristar tenker eg i dag, men det fanst ingen høg puls rundt skrivemaskinen. 

Forfattarrolla blei forresten ikkje mindre avmystifisert av at eg jobba som korrekturlesar og språkvaskar i mange år ved sidan av studia. Å skriva bøker er ein kunst, men det er òg eit handverk, og det var kjekt å følga med på siste etappen.

Sjølvsagt ser eg at det gir meg kulturell kapital å veksa opp i eit miljø der Dag Solstad, Jan Erik Vold, Espen Haavardsholm og Tor Obrestad er dei foreldra mine spør om å få hjelp til slikt som flytting. Men eg kan ikkje sjølv sjå at eg har tatt med meg så mykje inn i mi eiga forfattarverksemd av det å vera tett på forfattarar privat og seinare gjennom jobb. Grunnen til dette er truleg at eg ikkje har lengta undervegs etter å skriva skjønnlitterært eller få noko utgitt sjølv. Eg har ikkje drøymt om å vera i deira sko. Då er det kanskje heller sjølve bransjen det har gitt ein viss tryggleik å kjenna til, som den atypiske debutanten eg var.

Likevel, eg var på ingen måte likegyldig til forfattarrolla då eg debuterte. Både som litteraturvitar, forfattardotter og litteraturjournalist, var eg klar over at her var det opptil fleire av andres bed og banehalvdelar å trakka i og på, om nokon skulle koma på den tanken. 

Kvar bok som får ein verknad på ein lesar eller to, breier sine ringar utover samfunnsvatnet. 

MK: Når eg ser kva du lagar i bokform, har eg undra meg over korleis ein kompleks hjerne som din treivst med journalistikken. 

SØ: Journalistar får langt færre tilbakemeldingar enn folk kanskje skulle tru, så dette var interessant å høyra. Eg får vel takka, men viss eg kan kommentera det utan å gå god for den komplekse hjernen du nemner, vil eg seia at eg fekk relativt fritt spelerom i Bergens Tidende. Eg synest forresten det blir lagt ned mykje godt språkarbeid i norske redaksjonar. Journalistisk forenkling og formidling er undervurderte øvingar i ein del leirar. 

Dei gongene eg har vore frustrert som litteraturjournalist i BT, har det ikkje vore fordi eg måtte tilpassa meg snevre eller tabloide krav frå leiinga (OK, litt innimellom, då), men på grunn av forlagas tiltakande ønske om mediekontroll. I løpet av dei åra eg var litteraturansvarleg, opplevde eg at forlaga begynte å styra meir og meir kva medium som skulle få eksklusiv tilgang til forfattarane. Dette hang saman med at bokutgjevingar av kjende forfattarar i større og større grad fekk ein eigen nyheitsverdi, og at media på si side konkurrerte om å vera først ute med intervju. Regionavisa BT vog ikkje alltid like tungt på kjøttvekta i så måte, men eg opplevde likevel å få tilgang, kanskje fordi eg gjorde jobben min skikkeleg. Så er det sjølvsagt stas når Jon Fosse, som du nemner, hevar seg over marknadsstrategiar og sirkus, og prioriterer eit av sine svært sjeldne intervju in persona med ei mindre avis enn forlaget kanskje kunne ønskt seg. 

MK: Ja, sjå der. Der kom tvisynet og det øklandske overraskingsmomentet. For forteljinga ein oftast høyrer er jo motsett: «Det er vanskeleg å selje litteraturstoff inn til avisene.» «Avisene nedprioriterer litteraturstoffet», og så vidare. Men kanskje det har blitt vanskelegare? 

SØ: Her gjeld nok fleire sanningar på ein gong. Jo, ein heil del aviser har dessverre kutta ned på litteraturstoffet dei siste åra, så mange bøker slit med å bli oppdaga. Samstundes er det konkurranse om dei heitaste forfattarnamna og dei sterkaste bokhistoriene. Eg veit ikkje korleis det er i andre redaksjonar no, men då eg jobba i BT, var det med bokmeldingar som med nærbutikkar. Folk vil gjerne ha dei, men dei kjøper ikkje middagen sin der. Folk ville gjerne ha litteraturmeldingar i avisa, men dei brukte ikkje mykje tid på å lesa dei, viste det seg då BT røkte etter. Det ligg sjølvsagt komplekse forklaringar til grunn for medievanane til folk, men både dette og dei strukturelle endringane i mediebransjen påverkar medias litteraturdekning, som eg gjerne skulle sett var fyldigare. 

MK: Korleis har du sjølv erfart det å vere på andre sida av bordet, altså forfattaren? 

SØ: Det var interessant å hamna på andre sida av blokka. Alle journalistar burde eigentleg prøva å få eigne ord og meiningar omforma av andre. Og å få parentesar og undersetningar slått opp i tittel og ingress. Eg har blitt intervjua ein del gonger om dei to bøkene mine, og som journalist syntest eg det var dårleg stil å blanda meg inn i kollegaers arbeid. Denne puristiske haldninga angra eg på eit par gonger, men eg har i all hovudsak møtt flinke og godt budde folk. Viss du siktar til i kva grad eg sjølv fekk merksemd, kan eg ikkje klaga. 

MK: Eg ser at BT, som du jobba med, har meldt andreboka di. Dei tek ei nærmast deskriptiv tilnærming, noko som eigentleg er veldig flott. Her er nesten ikkje ein dom, berre ein lesnad. Eg liker særleg dette: «Øklands bilder får et helhetlig, omfattende preg som virker opplysende og varmende på samme tid, selv om en kan si at samlingen hele tiden har hintet i denne retningen.» I førsteboka var det bilde tilstades, på fleire plan. Altså også i form av fotografi. Kan du seie litt meir om prosessen fram mot den boka?

SØ: Det var fleire forlag som var interesserte i å gi ut bok med utgangspunkt i tekstane eg hadde lagt ut på Instagram, og eg landa på Samlaget. Det heile begynte med at eg fekk ein uventa raptus, og skreiv ein del korte tekstar som var svært givande å halda på med. Denne skrivegleda var heilt ny, og det kjentest viktig ut å halda fram. Eg tenkte frå første stund at eg sat på noko som ikkje var gjort før, og eg fekk lyst til å publisera dette. Eg vurderte ulike måtar å gjera det på, og bestemte meg for å oppretta ein eigen konto for dette prosjektet på Instagram. Eg liker å ta bilde, og la tekstane inn som bildetekst, ikkje som tekstplakat, slik ein del poetar gjer på Instagram. Planen min strekte seg ikkje lenger enn til å legga dei ut i verda på denne stille, relativt skjulte måten. Eg reklamerte ikkje for dei, eg la berre ut nye tekstar under bilda etter kvart som eg skreiv. Men så fekk eg ein følgar her og eit hjarte der, også blei eg altså kontakta av fleire forlag. Å jobba fram eit manus var ein heilt annan prosess, og boka har med ei rekke tekstar som ikkje er publiserte på Instagram, og eg valde ut nye bilde til ein del av tekstane som allereie var publiserte. 

MK: Korleis var det å jobbe som journalist når det du eigentleg er, er forfattar?

SØ: Eg veit jammen ikkje om eg eigentleg er nokon ting. Det eine meir enn noko anna, meiner eg. Eg kom inn i journalistikken utan mediebakgrunn over hovud, og det tok nokon år før eg følte at eg ikkje bløffa då eg sa eg var journalist. Det kan fort gå nokon år før eg tenker på forfattar som noko eg er. Når eg skriv, tenker eg på det som noko eg gjer

Men det du spør om er vel heller om journalistikken var ein mellomstasjon for meg, om det låg ein forfattar gøymt bak journalisten og venta på sin sjanse. Nei, tvert imot. Eg klarte å overraska meg sjølv då eg i ein alder av 50 skulle debutera med bok. Skrivinga kom som frå inkjes, sjølv om eg no i ettertid kan sjå ein slags opptakt til det. Ei slags uro eg ikkje visste kva var før eg plutseleg var i gong. Den første boka mi blei eg som sagt invitert til å gi ut, og det var med ferske tekstar. Før eg skreiv det som skulle bli denne debutboka, hadde eg ikkje skrive skjønnlitterært i det heile tatt. Ingen forsøk, ingen draumar. 

Eller, rett skal vera rett, eg skreiv nokon svært ungdommelege dikt i tenåra. Eitt av dei har faktisk funne vegen ut i verda. Ein dag eg sat og kjeda meg på rommet, såg eg ein annonse der dei inviterte ungdom til å senda inn dikt til ein antologi. Eg trur det må ha vore om krig og fred og sånn. I mangel av noko betre å gjera, sende eg inn eit dikt eg hadde liggande frå tidlegare. Eit års tid seinare fekk eg tilsendt ei bok i posten med diktet mitt på trykk. Med fullt namn. Problemet var berre at eg i mellomtida var blitt student, og dette unge diktet kledde sjølvbildet mitt svært dårleg. Heldigvis las ikkje medstudentane mine ungdomsantologiar om krig og fred og sånn, så det gjekk bra. Men etter ei tid kom det eit honorar frå NRK i posten. Dei hadde brukt diktet mitt i tv-programmet Livssyn uten kirke. Vel, 500 80-talskroner kompenserte godt for ny pinlegheit, og heldigvis kjende eg ingen som såg Livssyn uten kirke heller. Men det stoppa ikkje der. Studenten fekk brev frå eit forlag som gjerne ville bruka diktet i eit læreverk i samfunnsfag. Eg sa ja, men no laga eg meg eit psevdonym. Eit anna forlag ville bruka det i ei lærebok for norsk, og slik har det halde fram med ulike lærebøker og antologiar opp gjennom åra. Etter mange års kjellartilvere, dukka den opprinnelege ungdomsboka opp igjen, og eg måtte flira då eg såg at ei ung Hilde Sandvik og ei ung Margreth Olin også hadde tekstar med.

Det kan fort gå nokon år før eg tenker på forfattar som noko eg er. Når eg skriv, tenker eg på det som noko eg gjer