Warning: mysqli_real_connect(): not found in /customers/2/6/4/czhnsdg2t/webroots/r1168646/wp/wp-includes/class-wpdb.php on line 1987 Om å skrive, og å få eige historia si - Den norske Forfatterforening

Om å skrive, og å få eige historia si

Eg stilte Per Helge Genberg eit titals spørsmål om den vakre og skakke debutboka si, om hans eigen røynsle med det debuten omhandlar: å selje…

Per Helge Genberg (foto: Vigmostad og Bjørke)

Eg stilte Per Helge Genberg eit titals spørsmål om den vakre og skakke debutboka si, om hans eigen røynsle med det debuten omhandlar: å selje ein odelsgard og kjøpe ein ny gard, og om alt som leidde opp til at han gav ut første boka: Kva tilhøve hadde han til litteratur, når skreiv han, og kva eller kven ga han ideen om å sende eit manus til forlag? Og korleis er no kvardagen til ein byråkrat som òg driv gard, og som også gir ut bøker. Som svar på spørsmåla fekk eg denne vesle teksten:

Viss det finst nokon ”typisk” skjønnlitterær debutant, avvik eg heilt frå det biletet. Eg er ein halvgammal mann (var 58 då første boka kom ut), homofil, kristen, bonde, oppvaksen i ei avsidesliggjande fjellbygd i Trøndelag. Ikkje har eg gått på forfattatstudiet heller, men eg har den gamle cand.philol-graden med hovudfag i nordisk.

Då eg var 27 og einsam og ulykkeleg, trudde eg eg skulle bli lyrikar. Diktsamlinga eg sende inn til nokre forlag vart (sett i ettertid: med rette) refusert. Men eg fekk signal om at det absolutt fanst noko å byggje vidare på. Eit drygt år seinare møtte eg mannen min, vart eit lykkeleg menneske og slutta å skrive. Etter bortimot 25 år, ein litt grå junidag, sette eg meg i den gamle, solide Krogenes-sofaen min, skreiv eit par stutte prosatekstar og visste at dette var rette forma for meg. Enda skulle det ta nokre år før eg las i Trønder-Avisa at redaktøren for Signaler, Eivind Hofstad Evjemo, etterlyste fleire innsendarar frå Trøndelag.

Om kvelden 19. januar 2016 kom eg heim frå tenestereise, hadde køyrt 50 mil og laut moka snø, som eg avskyr, før eg kunne parkere bilen. Men eg var litt omrømt over at eg hadde vori innom ein gammaldags landhandel på turen og kjøpt ei ny sinkbytte til å bruke når eg gjev sauene kraftfôr. I eposten min låg det melding om at eg hadde kommi med i Signaler 2016.

Euforisk er einaste dekkjande ordet for stemninga mi den kvelden og i lang, lang tid etterpå. 

I 2018 kom finna kyrkjedøra i meg ut på Vigmostad Bjørke, i 2019 kom å bera nakne nyklar, og i 2020 vil det vonleg komma ei bok til.

Eg har ein grunn til å skrive: Eg vil dele livsrøynsla mi med andre, vil dele henne av di ho ikkje følgjer dei ”vanlege” spora. At eg var sosialt utestengd i heile grunnskoletida har prega meg for alltid, likeins at eg som odelsgut og einebarn var ”vona, meininga, oppfyllaren av draumane” for tre generasjonar av vaksne familiemedlemer. Eg vil ta fram minna mine, røyndomen min, og få eige historia mi. Og eg skriv om dei tre store kjærleikane i livet mitt; til Gud, til sauene og til mannen min. 

Ikkje ein setning i dei to bøkene mine er fiksjon, alt er sjølvbiografisk, ned til kvar kjensle eg ber på og kvart bilete av ein blome, ein bygning eller ein sau, slik eg hugsar det og slik eg opplever no.

Skriveprosessen min er enkel og effektiv. Eg tenkjer mykje på det eg skal skrive om, og ein kveld ein gong i mellom set eg meg ned i 23-tida og arbeider eit par timar. Då handskriv eg først, endrar kan hende på nokre få ord eller setningar, ”fører inn” på PC-en, og så er teksten ferdig. Å finna rette rekkjefølgja for 30- 40 stutte tekstar krev gjernast noko meir tid.

Litterære førebilete har eg ikkje. Truleg har røynsla med å vera ”utanfor” som barn og ungdom gjort meg til ein sterk individualist. Eg veit kva eg vil, kva eg meistrar godt og kva eg ikkje meistrar. Lell kan eg vel seie generelt at eit førebilete er litteratur som grip, utan å bruke dramatiske effektar. Og fleire kritikarar har sagt at eg gjer dei små hendingane og dei små obervasjonane i kvardagen til noko guddommeleg.

I 2006 selde eg den store, 300 år gamle odelsgarden min i Lierne. Eg var glad i garden, men hadde ikkje budd der fast som vaksen og såg ikkje for meg å kunne gjera det i framtida heller.

Sauene kunne eg ikkje vera utan, så eg leigde fjøs og jord på ein gard her på Levanger, ganske nære villaen eg bur i, og starta med nokre få sauer or min eigen ”familie”. Eg kallar meg omsorgsperson for sauene, og ein verknad av det er òg at produksjonsresultatet blir særs godt.

Som 60-åring opplever eg kvardagen min travlare – og energien min større – enn nokon gong tidlegare i livet. Eg arbeider i 60 % stilling i offentleg forvalting, og har 4 mil reiseveg til jobben. Elles bruker eg nok meir tid i fjøset om vinteren og ute hjå dyra om sommaren enn bønder med langt større buskap enn meg. Eg sit i styret i det lokale Senterpartilaget, mållaget og saulaget, og i soknerådet. Ettersom mannen min og eg etter over 30 år i lag framleis er særbuarar, 70 mil frå kvarandre, og eg har flyangst, blir det ein del lange, gode bilturar. Iblant tenkjer eg ein tekst medan eg køyrer, stoppar på nærast moglege plass og skriv ned.

Sjølvsagt er eg stolt over å ha vorti medlem i Forfattarforeininga. Kva møte/arrangement eg kan delta på, er som alt anna i tilvera mi styrt av dyra mine, td. kunne eg ikkje komma på samling for nye medlemer i november, av di det var paringssesong for sauene.