Om måtar å fortelje på som kan «gjera nesten kva som helst sannsynleg»

Mads Y. Rage (f. 1982) jobba med IKT i politiet då han debuterte med «Og skipet siglar vidare» i 2018. Så takka han nei til…

mads_rage

Mads Y. Rage (f. 1982) jobba med IKT i politiet då han debuterte med «Og skipet siglar vidare» i 2018. Så takka han nei til full, fast stilling, gjekk ned til ei deltidsstilling, og skreiv ein kritikarrost roman til: «Miklastaur» kom i 2019, og då vart han også medlem i DnF. 

Kan du først fortelje historia om forfattarskapet ditt – ei kort eller lang historie, alt etter tida du har. Det eg er nysgjerrig på, er først og framst korleis det hadde seg at du gav ut – ikkje berre éi bok, men minst to bøker. 

Eg treng mykje tid åleine, og har alltid interessert meg for språk, leik og fantasi. Men tanken på å publisera skjønnlitteratur slo meg likevel ikkje før eg var vaksen og hadde hatt nokre jobbar, studert litt, og funne ut at eg ikkje var heilt nøgd med å la denne interessa liggja. Resten var ein langsam prosess der mogelegheiter og flaks etter kvart gjorde det mogeleg. Etter den fyrste boka fekk eg tilbod om heiltidsjobb i staten, men eg takka nei og skreiv heller ei bok til. Det er eg glad for at eg hadde høve til, for det ville ha vore svært frustrerande å stoppa der. 

Eg har lese litt i bøkene du har gitt ut, og har lese mange meldingar. Noko av det som går att er at du blir berømma for å klare å skildre einsemd. Men det må seiast at du går inn i tematikken frå spenstige vinklar: Du skriv om eit mystisk skip som driv rundt på havet (debutboka) og ein type med farleg stor penis, som sjølvisolerer seg. Er dette eit slags prosjekt du har: å skulle skildre tilbaketrekking eller det å stå (sic!) aleine, og å skildre det frå ymse ståstadar?

Det kan henda det har med mine interesser å gjera, men truleg er det òg litt tilfeldig. Me lever jo i ein kultur som orienterer seg mot individet og kanskje vekk frå det kollektive, og då er det naturleg å lura på kva det er å vera eit individ i møte med det kollektive, om eg skal seia det stort og generelt, anten dette kollektive er faktisk eller fråverande (forestillinga om det kan jo òg ha konsekvensar). Men det er på eit ganske grunnleggjande plan. For ikkje så lenge sidan opna eit gravferdsbyrå i Kirkeveien ved Marienlyst som har eit slagord som går om lag slik: «Mennesker er forskjellige, og det synes vi også begravelser skal være». Då er me meir over i noko som har med status å gjera, og det er interessant, for då skal ein liksom ikkje vera som folk flest lenger. Men den typen identitetstematikk har eg førebels ikkje gått noko særleg inn på, kanskje fordi eg ser det som litt meir overflatisk, men kanskje det eigentleg ikkje er det i det heile teke. 

Nei, det er jo eit stykke frå å vere interessert i eit tema, til å skape litteratur basert på det. Kva tenkjer du at skal til for at noko bli god litteratur, altså; kva tenkjer du på som god litteratur? 

Eg synest det er viktig at litteraturen er sta og insisterer på ein eller annan idé, gjerne noko gåtefullt som nesten berre kan eksistera medan ein les. Stundom kan ein bokidé verka meir interessant i katalogteksten enn i boka. Eit samsvar, eller kanskje helst det motsette er eit ideal for meg. Eg leitar etter eit språk og ein måte å fortelja på som kan gjera nesten kva som helst sannsynleg.

Treff eg om eg seier at det mystiske er noko du leiter etter/ oppsøkjer?

Det trur eg nok, men det spørs jo kva en legg i ordet. Det er jo òg spanande når litteraturen kan gjera at noko vanleg verkar mystisk eller merkeleg.

Kan du nemne nokre litterære førebilde?

Eg synest mellom anna at Kafka, Borges og Saramago held fram idear på ein slik måte, og det finst kanskje på ein litt annan måte hjå slike som Lydia Davis eller Anne Carson. 

Aha! Dette er interessant. Ein av grunnane til at eg spør er nemleg at meldarar og andre lesarar (som meg sjølv!) ser ut til å meine mangt om kva – særleg den siste boka di – liknar på. Den kvasse lesar Carina Beddari berømma boka di for ikkje å komme i fare for å bli, slik pitsjen kunne førespegle, «ellevill» og i kategorien gapskratt over underbuksehumor. Derimot samanliknar ho absurditetane dine med forfattarar som Rolf Sagen, Tarjei Vesaas, Torgny Lindgren. 

Det synest eg nesten er påfallande presist, for desse tre er definitive inspirasjonskjelder. 

Så må det også nemnast at ein annan kvass lesar, Stavanger aftenblads Sigmund Jensen, fekk andre assosiasjonar til litterære tradisjonar. «Det er litt Borges møter Surén (og Hovland, og Fløgstad, over det hele), med en og annen pjolter hos Aukrust og en strammere oppstiver hos Hilsenraths nazifrisør. Og Olav H. Hauges «Din veg» oppsummerer tematikken i denne leseverdige romanen som begynner som burlesk komedie og ender som grotesk tragedie,» skriv Jensen.

Frå den delen av boka eg har rukke å lese, heller eg nok mest i retning av Aukrust og Surén, med desidert vekt på den siste. Og så er det islett av ein amerikansk, fri romantradisjon her. Så eg vil nemne ein til, eg: Johan Harstad. Sjølv om – eller fordi at – du har din eigen originale røyst, så tilhøyrer du tradisjonen av desse djupt originale røystene, som formar romanane slik dei finn det for godt sjølv. 

Når du nemner Surén og Harstad, kan eg òg sjå at det er noko med å satsa på ein viss type idéar der. Å skriva frå eit miljø som ligg eit godt stykke vekk frå eins eiga røynd, noko som er litt fantastisk. Eit spor av Holberg med Niels Klim, eller Robinson Crusoe, Jules Verne, Rabelais og den åra. Då gjev ein samstundes frå seg høvet til å nytta eit repertoar med daglegdagse erfaringar, noko eg til dømes set stor pris på i ein ny svensk roman som eg les nett no: Samlade verk av Lydia Sandgren. Den er heilt motsett av alt dette, og der vert det svært synleg kor godt det kan bli når litteraturen er full av presise observasjonar av dagleglivet. Daglegdagse ting er her så godt observert at dei vert som nye. Det er ein kunst å formulera observasjonane sine slik.

Men Borges, altså. Der er du på line med Sigmund Jensen. Og hos Borges har ein mystikken. Korleis kjenner du elles at du har klart å reflektere dette litteratur»synet» i dine eigne bøker?

Det er eg usikker på, for ein ting er å ha eit ideal eller ei litterær interesse, men det er noko heilt anna å sjølv skulla forma noko som er i tråd med denne. Det kjennest som om det eg sjølv skriv er uunngåeleg slik som eg må og kan skriva det, og at eg ikkje kan tvinga mine ideal direkte på det. Det må komma naturleg. Når det er sagt, så er båe bøkene vanskelege å formidla som grunnidé utan at ideen høyrest dårleg ut. 

Hehe. Og med det er det på tide å presentere dei to romanane litt nærmare. «Og skipet siglar vidare» verkar, frå det eg har lese, å vere meir av ein normalprosaisk sak, skrive i eit særs godt nynorsk. «Miklastaur» har og dette lune alvoret, men verkar meir fritt, formmessig. Emmanuel er hovudpersonen. Han har unormalt stor penis, og kjenner seg utanfor. Han held seg for seg sjølv, eller med hesten, som er den einaste som forstår han. 

For å seie det med Karoline Henanger (Klassekampen): utgangspunktet er ganske tullete. Men det er vanskeleg å finne lesnadar som synest boka er tullete. Henanger dreg fram tematikk som «å vere annleis/ vere eit avvik», 

Men så tek du også lesaren på senga når du, etter eit anslag av noko nesten tøvete, søkkned alvoret. Har du jobba medvite med komposisjonen her: Du er mest lett og morosam i byrjinga, for å hekte lesaren på. Så lurar du oss inn i dei meir tunge refleksjonane?

Ja, det er jo gjort med vilje, men eg kjenner at det finst ei viss fallhøgd i eit slikt forventingsbrot. Inspirasjonen kjem frå Ulf Karl Olov Nilsson, som har snakka om korleis han kan byrja eit dikt med å få folk til å le, og deretter bli grovare og grovare inntil publikum byrjar å bli usikre på om det eigentleg er lov å le lenger. Kombinasjonen av humor og alvor er interessant, men det er sikkert òg mange feller å gå i. Det eine kan vera å ta brodden av alvoret, det andre kan vera det motsette. Eit viktig premiss for komedie er at ingen kjem alvorleg til skade, og det har eg kanskje ikkje alltid stor nok respekt for. 

Så kjem eg ikkje unna her og no – verda som er snudd på hovudet. Kva gjer koronapandemien med skrivinga di?

Det er ikkje slik at eg skriv annleis på grunn av denne krisa. Men kanskje på sikt, når det kjem litt på avstand. Som dei fleste andre tenkjer eg jo mykje på det, og lurer på korleis samfunnet vil endra seg. Ting skjer utruleg fort. Men for skrivinga er det berre noko som kjem i vegen. Eg har nett sendt frå meg den tredje romanen min, og den måtte eg gjera ferdig i ei lita leilegheit saman med sambuar som har heimekontor, og to døtrer som har heimeskule og heimebarnehage. Då må eg berre ta den tida eg får, og i motsetnad til mange andre synest eg å ha fått mindre tid til lesing og rekreasjon. Men når eg er så mykje heime er det lett for at eg vert altfor oppteken av dei tinga som finst rett framfor nasen på meg. Daglege påminningar om den globale situasjonen set desse bagatellane i perspektiv, og eg kjenner meg meir privilegert som har høve til å driva med desse tinga, dette som eigentleg berre er ein leik.

Berre ein leik? Meiner du det? Eller kan du sjå at litterature kanskje er endå viktigare no enn før, i alle sine funksjonar som formidlar av individuelle røynsler, som brubyggar og førebyggar av føredommar og framandfrykt? Som underhaldning eller informasjonskanal, som avlastning eller trøyst?

Ja, eller som inspirasjon til å leva godt. Når eg seier det slik, ser eg det nok litt utanfrå. Sidan eg faktisk driv med det og ikkje minst publiserer, så er det jo ikkje berre leik. Men ein annan ting er at leik i seg sjølv er viktig. Og som startpunkt for litteratur, så kjennest leiken for meg langt viktigare enn det «viktige». Om ein skulle setja seg ned og prøva å skriva noko som «berre» er leik, så trur eg på at det etter kvart vil syna seg nok «viktig» i det.

Men eg svarte kanskje ikkje heilt på om koronasituasjonen gjer litteraturen viktigare.Og det kan godt henda det er noko i det, men kanskje er det litt tidleg å spekulera i noko anna enn at det finst trøyst og flukt i han.

Og apropos det med individet og det kollektive, så er det jo slik nett no at folk må gje avkall på individuelle rettar for å bidra til ein kollektiv innsats. Der finst det ein konkret konflikt, men i tillegg kjennest det paradoksalt at vårt beste bidrag til kollektivet er å isolera oss.