Aktuelt

Om mektige hendingar som skakar i grunnmurane

Hovudmeldar i Morgenbladet + Årets kritikar 2014, Bernhard Ellefsen skreiv før jul at Lars Svisdal var ein av dei – eller den – rette til…

Lars Svisdal. Foto: Gyldendal

Hovudmeldar i Morgenbladet + Årets kritikar 2014, Bernhard Ellefsen skreiv før jul at Lars Svisdal var ein av dei – eller den – rette til å få Vesaasprisen: Lars Svisdal byr leseren på setninger mettet med observasjon og erkjennelse. Det bør gi ham litteraturprisen som bærer navnet til en av hans klare forgjengere. (Bernhard Ellefsen) I morgon mottek Svisdal prisen framfor Årsmøtet til DnF. Når eg spør forfattaren om han sjølv skjønte kor bra boka var, så svarar han enkelt:  “Eg har jobba mange år med ho. Eg var nøgd til slutt.” 

Lars Svisdal gjekk på Skrivekunstakademiet i Hordaland det året då den tidlegare Vesaasvinnaren Kjersti Annesdatter Skomsvold gjekk der. Blant dei andre publiserte forfattarane frå kullet kan ein nemne Sivert Nesbø og Lars Haga Raavland. Han jobbar no som lærar i Sogn.

Eg får merksemda til Svisdal i nokre minuttar i ei travel tid. Han er på veg inn i pappaperm når eg skriv, og har to små barn. Før permisjonen har læraren bunkar med ting som skal rettast, og så skal han også reise til Oslo for å ta imot prisen. Men Svisdal tar seg likevel tid til å svare på spørsmål som eg har sendt han på e-post: 

Som Ellefsen, har også forfattar, meldar og formgjevar Øystein Widnes samanlikna deg med Tarjei Vesaas. Kva er forholdet ditt til Vesaas’ bøker? 

Det var forbløffande mange av meldarane som meinte det fanst ein eller annan kopling mellom meg og Vesaas. Eg har ikkje lese mykje av han, men dei bøkene eg har lese har sanneleg vore mektige hendingar som har skaka godt i grunnmurane. Eg veit lell ikkje kor tett kopla vi er når det gjeld skrivinga. Eg har ein tendens til å droppe infinitivsmerket, og det innbiller eg meg er hans skuld. Elles er vi slett ikkje ulike å sjå på.

Geografisk sett er det langt frå Nordmøre til Telemark. Men som Telemark, er Nordmøre eit mangeslunge område. Det har både kyst med øyer og hamner, og det har dette innlandet med høge fjell, daler og vidder. Og Vesaas var vel frå oppe i Vinje, inne i landet, litt som Sunndal. Med sterke tradisjonar, som Sunndal. Med velhaldte og en gong velståande gardar som Sunndal, og så vidare. Så er kanskje ikkje avstanden ikkje så lang likevel – kulturelt og landskapsmessig sett. Kva forhold du har til landskapet du skriv om? 

Kan hende du har rett. Eg og landskapet eg skriv om har eit godt forhold, sjølv no når eg ikkje bur i det lenger. 

Eg har ein tendens til å droppe infinitivsmerket, og det innbiller eg meg er (Vesaas’) skuld. Elles er vi slett ikkje ulike å sjå på.

Nordmørslandskapen har sterke kontrastar i seg. Trollheimen og vidda ved Aursjøen er vedlig innlandsk, medan havet er heilt ope ved øyene i vest. Eg les om boka di at kontrastane i det ytre også er i psyken til folk. Er det omlandet som trekk inn i folk?

Ein skal gjera eit fordømt klårt poeng utav det om lesarar ikkje skal sjå landskap og psyke som ein tosidig medaljong. Er ikkje dette utgangspunktet for mytane om seg sjølv som eit lokalsamfunn? Det er så seine vårar her, derfor er vi som bur her stae. Eg har ikkje lagt opp til ein slik premiss for korleis eg skjøna personane i boka, iallfall ikkje for meg sjølv, men det er nok ein så både grunnleggande og universell mekanisme i sjølvforståinga i samfunn på alle nivå at ein kjem vel ikkje unna.  

Vesaas har vore nemnt. Ein annan nestor kjem meg til minne, ein som skreiv i ein helt annan stil og brukte ein annan metode. Men det er hans tvisyn eg skal fram til. Vinje. Kva forhold har du til forfattarskapen hans?

Vinje, du. Eg treivst veldig godt da eg las «Gjeiti». Han påstår at ungar som veks opp med geiter blir mykje meir spretne enn byungane utan geiter. Eg vaks opp med geiter, og meiner sjølv eg kan vera prov for påstanden. Og sjølvsagt gjer det noko fundamentalt med deg som eit menneske i kultursfærane i samfunnet om du har vakse opp med geiter. Eg mistenkjer at korkje eg eller Aasmund hadde vore i stand til å drive som vi gjorde og gjer utan å ha vore nøydt til å sulle kring med geitene i barndommen.

 Like imponerende som karaktertegningene er Svisdals verdensbygging: Denne fjellstua og dens omgivelser finnes. Skriften gjør stedet fullstendig livaktig, i den grad at det har sin egen eksistens og tilstedeværelse i teksten også når det er andre ting som skjer, skriv Ellefsen. Ja, handlar det om? Er det denne farga av “sønndalsdialekt”, som Driva sin meldar Eva Gikling nemner?

Eg veit ikkje, men eg mistenker at det er meir enn berre det. Det er visst ei fordømt kompleks bok.

Eva Gikling verka særleg imponert over den stamina som boka legg for dagen. Det å skrive om noko så kompleks som menneskepsyke, over så mange sider. Kan du seie noko om det – om det fysiske arbeidet, som Thomas Espedal kunne ha kalt det, som romanskriving kan vere? 

Det tek lang tid. Elles er det temmeleg udramatiske saker. Eg kan vera meir enn einig i at det finst verdiar i produktet, estetiske eller filosofiske eller tidtrøyttande eller kva no enn. Skrivinga derimot er industri, og verdiane i ho er verdifulle for meg, men knapt nok andre. 

Gikling var altså òg glad for den sunndalske farga på språket ditt. Samtidig kalla Aftenposten det eit “nokså gammelmodig nynorsk, fullt av uvanlige namn og spesielle ord og vendinger”. Kven har mest rett?

Eg trur ikkje dei nullar kvarandre ut. Dei heng vel berre å dinglar på kvar sin tupp av ein eller annan indentifikasjonsskala. 

Om eg ikkje tar feil, så har du òg røynsle som redaktør, ilag med samtidige kollegaer av deg. Kva har den form for kollegium betydd for skrifta di? 

Sivert (Nesbø) og Lars (Haga Raavland), som eg gjekk med på Skrivekunstakademiet, har vore essensielle for korleis eg skjønar skriving. Eg trur ein må herjast litt med om ein er ung og skriv, for sit du i ei krå og degger for sperrene dine så blir det vanskeleg å skrive på høgd med det du i ytste fall evnar. Og eg vart velsigna med desse to, som herja fint med meg. Så der fekk de den! 

Kva eller kven har elles verka inn på arbeidet ditt? 

Som liten hadde eg ein del talent som er merkeleg spesifikke, som til dømes spikking, daudball og å hoppe over grinder, og desse var til veldig lite gagn i dei aller fleste situasjonar. Skriving var derimot noko som lågt tungt for meg. Når ein balar så grassat med noko ein i utgangspunktet er så talentlaus til blir det etter kvart nødvendig å bli god. Dette er ikkje meint å vera til inspirasjon for å aldri gi opp. Eg tykkjer ein skal slutte mykje oftare med langt fleire ting. Sjølvsagt er det ei enorm tilfredsstilling i å meistre noko ein er  elendig på, men kor mange gongar har det ikkje slått meg at eg heller skulle ha spela meir daudball?

Eg trur ein må herjast litt med om ein er ung og skriv, for sit du i ei krå og degger for sperrene dine så blir det vanskeleg å skrive på høgd med det du i ytste fall evnar.

Det er ikkje så mange publiserte forfattarar frå Nordmøre. Margit Walsø, Monica Aasprong, Lars Mæhle og Anne Karin Elstad er nokre døme. Slik sett er det ikkje opplagt at du skulle bli forfattar. Men slik som eg kjenner “sønndal” (svisdalsk for Sunndal?), så er det ein sterk munnleg språktradisjon der. Eit sterkt medvit om språkleg tone og takt. Godt språk, rett og slett. Har eg oppfatta rett, trur du?

Eg trur ikkje Dublin eller Mississippi eller Røros i seg sjølv husar noko ekstraordinært som gjer desse uvanleg eigna som fundamentet i dei store romanane. Hadde du sett bort spedbarnet Arne Garborg til gardkjerringa på Gjøra i Sunndalen, så hadde det nok radt vore store sko boka mi skulle fylle. All kulturell sjølvforståing som ligg i alle avleiringar i mytane og munnhella og skrønene og rykta, alt dette er vel universelle fenomen. Det som gjer romane frå Mississippi og Dublin og Røros ruvande er at dei vever dette inn i dei meisterleg kloke og poetiske og djuptloddande lagnadsskildringane med all kjærleiken og respekten som må til for å lesaren kjenner omgåande eigarskap til eit heilt framand univers. Nordmøre står slett ikkje tilbake for korkje Røros eller Dublin som ei overveldande bakteppe for store historier, men ein er nok på eitt eller anna nivå nøydt til å høyre heime der som forfattar. 

Hadde du sett bort spedbarnet Arne Garborg til gardkjerringa på Gjøra i Sunndalen, så hadde det nok radt vore store sko boka mi skulle fylle.