Om støtteaksjonen for Eva Gabrielsson

For halvanna år sidan reiste eg til Stockholm for å intervjua Eva Gabrielsson, ho som budde saman med journalisten og krimforfattaren Stieg Larsson i meir…

For halvanna år sidan reiste eg til Stockholm for å intervjua Eva Gabrielsson, ho som budde saman med journalisten og krimforfattaren Stieg Larsson i meir enn 30 år. Av ymse (og nødvendige) grunnar var dei ikkje gifte. Alt om dette og meir finn de i artikkelen min i Klassekampen frå februar 2008, den står å lesa, saman med mykje anna informasjon, på nettsida www.supporteva.com, ei side som er oppretta av norske aktivistar frå Drammen i solidaritet med Gabrielsson.

Eva Danielsson var ei intelligent, spill levande dame med stor sans for humor, særleg svart humor. Dei enorme inntektene som følgde i kjølvatnet av Larssons bøker er delt mellom bror hans og faren, om lag 100 millionar svenske kroner på kvar. Kor mykje Norstedt har sopa inn, veit me ikkje. Pengane er ein ting, Eva Gabrielsson er arkitekt utan fast jobb. Det meir graverande er at ho ikkje har noko å seia for forvaltninga av mannens forfattarskap, eit forfattarskap som ho tok aktivt del i og identifiserte seg med. Ho passa ikkje inn i Stieg Larsson-industrien.

Etter mitt skjønn er dette mykje urettvist. Kvifor ikkje denne urettvisa har ført til ein storm blant svenske intellektuelle og skrivande menneske, forstår eg ikkje. Desto betre grunn er det for at me i Norge seier frå om uretten, og støttar Eva Gabrielsson. Mitt ønske er at norske forfattarar går inn på www. supporteva.com og les meir. Dei som kan og vil kan også støtte aksjonen for henne der.

Tor Obrestad