Om tåkestrofene

Frå poet og psykolog Helge Torvund, gjekk den lyriske stafettpennen denne veka til poet og psykolog Einar Økland. Økland er eit drygt tiår eldre enn…

© Bjørn Erik Pedersen

Frå poet og psykolog Helge Torvund, gjekk den lyriske stafettpennen denne veka til poet og psykolog Einar Økland. Økland er eit drygt tiår eldre enn Torvund, og hadde ein annan veg inn til det å vere forfattar: Profilkretsen var på høgda då Økland var ein ung mann. Han debuterte som forfattar som 23-åring, i 1963, med diktsamlinga Ein gul dag, og kom med den første prosaboka, novellesamlinga Svart i det grøne fire år seinare. Sia då har Økland gitt ut bøker i dei fleste sjangrane, saman med essays og skodespel. Og til dette kan ein legge til at han er ein prisvinnar av ymse sjangrar av prisar også. Frå den gjæve Gyldendalprisen, den som i år gjekk til Per Pettersson, til dei mindre kjente Sokneprest Alfred Andersson-Rysst fond. Frå Det norske Samlaget, som gav Økland sistnemnte pris, har han blitt ære som "heidersmedlem". fekk Samlagsprisen – og eit festskrift på femtiårsdagen sin. Økland har vore konsulent for Samlaget gjennom mange år, og har gitt ut dei fleste bøkene sine der. Diktet som han deler i dag er ikkje gitt ut før, og det er nytt. Økland skriv: Eg noterte det ned svært så spontant og utilsikta for fem-seks veker sidan. Då var det eit "mot-dikt" til eit modernistisk-romantisk musikkstykke av den danske komponisten Carl Nielsen, kalla "Taagen letter". Eg såg etterpå at eg hadde skrive heile serien med smådikt i ein stil som kunne minne om den ein gammal dansk poethelt, Ivan Malinovski, nytta i boka POETOMATIC. Men då eg reinskreiv desse notisane, såg eg at teksten som heilskap demonstrerte ei røyndomskjensle eg hadde delt med Inger Hagerup i tidlege år. Og så, for å helse henne og hennar poesi, kalla eg det heile for "Strofe med tåka". Først i forgårs demra det for meg, at det heile kunne lesast som ein påsketekst. Noko eg ikkje hadde sett og ikkje ønskte eller ønskjer, men som likevel ikkje var til å kome forbi. Påske er jo ei paranoid tid, med svik og skrekk og sjølvpisking og eksistensielle oppvakningar. Ei kort stund kalla eg strofene for "Det gjentar seg". Noko teksten sjølv syter for, med alle sine repeteringar. Men nå har eg landa på "Så -" ("Then – "), skriv Økland. Påsketekst eller ikkje; her er eit alternativ til avisenes påskequiz over frukostbordet. Og om du er fastande, og avstår frå næringsrik tekst; gøym den til påskeaften, og feir påskemorgon med diktet SÅ -.