Open dialog, ope rom

Ei drøy veke etter DnFs og NFFs fellesmøte om 22/7 og språk, kjem eit nytt seminar som også har som mål å sirkle inn hendinga….

Ei drøy veke etter DnFs og NFFs fellesmøte om 22/7 og språk, kjem eit nytt seminar som også har som mål å sirkle inn hendinga. ToOsloWithLove gjer det frå eit nordisk perspektiv, og er ope for alle. Tema er terror i Norden, målet er å auke forståing. Forma er "ope rom", eit konsept som også blir kalla "ikkje-konferanse". Det går ut på at individ møtast til dialog om eit tema utan å ha gruppert eller organisert seg tidlegare. Det er eit mål å produsere eit skriftleg dokument frå seminaret i lag.

Seminaret går frå og med fredag 4. november til og med søndag 6. 


Plassen er NFFs lokal i Uranienborggata 2. 


Seminaravgifta er 500 SEK for deltakarar under 25, 1000 for andre, og dekker kurs og lunsj. 


Arrangementet er non-profit, med frivillig innsats frå arrangørane. Eventuelt overskot vil gå til å dekke deltakarane sine reise – og seminarutgifter. Dette vil då skje etter søknader.


Seminaret er ope for alle, men har eit tak på 100 deltakarar.
Meld deg på her, og marker at du betalar deltakaravgift med å skrive namnet ditt og "deltakaravgift" i temafelta.


Prosjektet er eit privat initiativ.
Blant arrangørane er Ola Nilsson (32) som tidlegare har jobba for svenske Raude Kross, for LSU/ Svenske Ungdomsorganisasjonar, og no for Quelle Difference i Brussel, Belgia. Mette Karlsvik (32) og Harald Halvorsen (32)  gjekk med Nilsson på Red Cross Nordic United World College. Karlsvik er forfattar og journalist. Halvorsen har utdanning frå KaosPilotene i København, og jobbar no for Norsk Hydro i Oslo.   


Meir praktisk informasjon finn du her. Her er det omtrentlege programmet:

Fredag jobbar vi frå 14.00 til 18.30. Denne dagen er ein introduksjon til tema, metode og arbeidet for resten av helga

Dag 2 (laurdag) går frå 09.00 til 18.00.

Dag 3 (søndag) går frå 09.00 til 16.30.

Lunsj er frå halv ett til på laurdag og søndag.