Perstølen Ål Libris årets Bokhandel!

Ho hadde det travelt, Tordis Perstølen, under prisutdelinga "Årets Beste Bokhandel 2010": – Eg må jo heim att til Hallingdalen i kveld. I morgon må…

tordis bokhandlarinne

Ho hadde det travelt, Tordis Perstølen, under prisutdelinga "Årets Beste Bokhandel 2010":
– Eg må jo heim att til Hallingdalen i kveld. I morgon må eg opp att og selge nye bøker, sa ho og smilte.

Perstølen Libris, Ål, vann prisen for "Årets Bokhandel 2010". Det er medlemma i DnF som har nominert kandidatane til prisen. Dei andre som var kortlista og med i finalen, var Bislet Bok, Audiatur Bokhandel, Tanum Gardermoen, og Stribolt Libris. Anne Oterholm delte ut prisen under "Forfattarane sin julemarknad" på Litteraturhuset på søndag.

– Bokhandlar i distriktet speler ei rolle i lokalsamfunnet, sa Oterholm, og siterte fråsegna frå ein av dei som nominerte bokhandelen: ”Dette er ein av dei beste bokhandlane eg har vore i på lang tid: Entusiastiske seljarar, stort utvalg, oppdaterte ansatte, kjærleik til bøker.” Ho som styrar Perstølen Libris, Tordis Perstølen,  blei i gifta inn i bransjen i 1966, og har sia då holdt butikken i levande live: 

– Kvifor fortener de denne prisen?

– Du må vite at vi er ein liten bokhandel i eit lite samfunn. Det er noko ganske anna enn å vere bokhandel i hovudstaden. Vi gir det som lokalsamfunnet forventar av oss. Vi må ha litt av alt. Det må vere noko kristen litteratur for dei kristne. Det må vere lettare litteratur for dei som ønsker det, og solid litteratur, for dei som vil ha det. Difor må vi også ha ein del gamal litteratur, seier Perstølen.

– Kor gode er de då på bakliste?

– Vi prøver å ha ein stor backlist tilgjengeleg. Heldigvis har vi også ein del plass til å lagre bøker, seier Perstøl. I begrunninga frå DnF, er denne sida av bokhandelen skildra: Norges beste Bokhandel 2010 er en distriktsbokhandel. Den er en typisk bokhandel i så måte, men utmerker seg naturligvis også helt spesielt, særlig når det gjelder den fagkunnskapen og entusiasmen som finnes for litteratur i denne bokhandelen. Etter at mange sentrale politikere i diskusjonen rundt momsfritak på e-bøker har vist liten eller ingen forståelse for verdien av gode distriktsbokhandler, ønsket styret i Den norske Forfatterforening gjennom årets kåring å peke på betydningen av disse.



Årets vinner ligger i en kommune som i 2009 hadde 4661 innbyggere og 2400 fritidsboliger. Vinneren klarer på en helt suveren måte å gjøre litteratur og bøker tilgjengelig og relevant både for lokalsamfunnet og for ”feriegjestene”. I 2010 har juryen samlet seg om en distriktsbokhandel som har lykkes i å framheve og synliggjøre den gode lokale litteraturen samtidig som de får til å spille en rolle i lokalsamfunnet. 

Kva ligg i det å vere bokhandel for "feriegjestar"?

– Ål er eit område med mange hytter og fritidsbustadar. Det medfører ein konsekvens for kva utvalg vi har i hyllene, seier Tordis Perstølen, og legg til:

– Vi tilpassar også nokre av arrangementa våre etter kven som er "på hytta" til kva tid. Vi kan snu oss rundt og engasjere forfattarar som har hytte her, til litteraturarrangement. Mellom anna held vi "Bokmessa i Ål" saman med Biblioteket i Hallingdal. Det har blitt eit profesjonelt arrangement fordi vi kan halde det i det store kulturhuset til Hallingdal.  

Samlagetsjappa

– Vi har alltid vore Samlaget sin bokhandlar. Ål er nynorskland. Difor plukkar vi det snart opp når slike som Maria Parr gjer det bra. Veldig artig! Men Samlaget har no fått konkurranse frå Skald og Selja Forlag, og Vigmostad og Bjørke. Dei er kommande og voksande nynorskforlag. Men vi har veldig gode relasjonar med Samlaget og marknadsavdelinga deira.

– Hallgrim Berg er kanskje ein populær kar i Ål då? Kan du nemne nokre "bestselgarar" der oppe?

– Første bind av "Gamle Ål" har solgt 1000 eksemplar. Andre og tredjebinda har solgt 900 og 800 eksemplar. Folk er også veldig glade i dikt. Fleire diktbøker har solgt opp til 1000 eksemplar.

– Gratulere med at de klarar å promotere og selge diktsamlinger! Kan du nemne nokre titlar som du har solgt mange av?

– Margit Lappegard har vore populær. Men eg kjem ikkje på titlar nett no, seier Perstølen, før ho skal gå ut og ete middag med det ho har av familie i Oslo. Gratulere til henne og familiebedrifta med prisen!