Piratpolitikk

KOMMENTAR: LARS OVE SELJESTAD

Denne kommentarartikkelen sto i Klassekampen fredag og er gjengitt med avisens tillatelse:

I Tyskland finst det eit politisk parti som har gjort kampen mot opphavsretten til si fanesak.

Av alle mulige politiske saker og sosiale problem ein kunne engasjera seg i, har dei valt å engasjera seg i kampen for at forfattarar, musikarar og andre åndsverkarbeidarar ikkje skal få betalt for arbeidet sitt.

Lars Ove Seljestad

KOMMENTAR: LARS OVE SELJESTAD

Denne kommentarartikkelen sto i Klassekampen fredag og er gjengitt med avisens tillatelse:

I Tyskland finst det eit politisk parti som har gjort kampen mot opphavsretten til si fanesak.

Av alle mulige politiske saker og sosiale problem ein kunne engasjera seg i, har dei valt å engasjera seg i kampen for at forfattarar, musikarar og andre åndsverkarbeidarar ikkje skal få betalt for arbeidet sitt.

No kunne ein jo tru at dette berre er ein dårleg spøk, som aldri kjem til å bli noen trussel mot skapande kunstnarars inntektsgrunnlag. Då får ein sanneleg tru om igjen.

Det urovekkande er at dette nye politiske partiet, det såkalla Piratpartiet, som såg sin spede start i 2006, er i ferd med å bli ei ny politisk kraft i Tyskland.

I følgje dei siste meiningsmålingane, er Piratpartiet, for tida, det tredje største partiet i Tyskland. Større enn Dei Grønne, dei liberale og venstresida. Berre sosialdemokratane og dei konservative er større.

Som om ikkje dette er nok, er dei det raskast veksande tyske partiet i nyare tid. Dei har, mellom anna, dobla medlemsveksten sin i løpet av eitt år. Så sterk har veksten og merksemda rundt piratane vore, at det har vorte trekt parallellar til framveksten av dei Grønne for 30 år sidan, men meir skremmande og problematisk har samanlikninga vore med framveksten av Hitler sitt NSDAP i åra 1928-1933.

Og ikkje minst. Fleire andre tyske parti har, i forsøket på å danna eit bolverk for sine etablerte posisjonar, for å hindra piratane å stiga om bord og ta styringa over den politiske skuta, antyda at det nok er på tide å vurdera, om ikkje ei avskaffing av opphavsretten, så i det minste ei tidsmessig revidering av den som tar omsyn til den nye digitale tidsalderens behov.

Det handlar sjølvsagt om brukarane av internettet sine behov. Dei som er vant til å få gratis tilgang til åndsverk som ligg ute på nettet, og som meiner at fri nedlasting, kopiering og bruk av åndsverk er ein menneskerett.

Splitte mine bramsegl!/ Hiv og hoj, snart er skatten vår./ Da skal vi ha det deilig i mange hundre år /… Fifteen men on a dead poets chest!/ Johoho and a bottle of rum./ Dance to free music,/ read free novels, the best! /Johoho and a bottle of rum!

Eg vil utbringa ein skål for alle som vil at åndsverk skal vera gratis og frie for alle som har lyst på dei, utan å vera svinebundne av desse hersens opphavsrettsreglane og desse innskrenkande, forelda og trangsynte lovverka!

Vi må oppheva opphavsretten for kunst og kultur og setta kunsten fri. Kunsten må ut til folket. Det er folket som er dei sanne eigarane, skaparane og brukarane av alle kulturprodukt.

Kunst og kultur er eit allmennmenneskeleg fellesgode, og må vera fritt og uavgrensa tilgjengeleg for alle. I ei moderne digitalisert virtuell verd som vår kan ikkje lenger skaparen av kunstverket forlanga noen privilegert posisjon i forhold til dei andre brukarane av kunstverket.
Opphavsrett og åndsverklovgiving er direkte bakstreversk, samfunns- og menneskefiendtleg. Den som vil vera med og skapa det moderne digitale samfunnet, må også godta, og ikkje bare godta, men helst også vera med og fremma eit syn som tilseier at åndsverk skal vera fritt tilgjengelege for alle. Først då vil kunsten vera fri, sann og i pakt med seg sjølv.

Det skulle no bare mangla om ikkje kunstnarane som jo vil skapa, men som gjør det gjennom å bearbeida, (vidare)utvikla, og ja, nærmast parasittera samfunnets allmenne felleskulturelle eigedom, ikkje også aktivt sørgar for å gi det dei har fortært, prosessert, omdanna og (vidare)utvikla, gratis tilbake igjen til den felleskulturelle potten som dei så grådig har forsynt seg av.

I det siste kan det sjå ut som om kunstnarane slit med å komma seg vidare frå det analdigitale utviklingsstadiet, der dei sitt på pottene sine og klemmer dei søte små kunstnarrumpene sine tett saman i eit forsøk på å behalda dei ferdig prosesserte åndsverka for seg sjølve. Dei er som små, umodne barn, som vil bli beundra og betalt for det imponerande produktet dei har fått fram. Men som reserverer seg mot å dela med andre.

Kunstnarane må innsjå at det er ei ny demokratisk tid i emning. Ei tid der kunst og kultur er blitt fritt tilgjengeleg for alle som har lyst til å bruka kunstproduktet, og det fullstendig uavhengig av om kunstproduktet skal nyttast for private kunstnytande føremål, eller om det skal kopierast og omformast til kommersielle massekonsumprodukt der noen andre stikk av med inntekta som er generert med utgangspunkt i det originale kunstproduktet.

Vi er sjørøvarane! Vi er Piratane! Vi solidariser oss med Anonymous sitt framskrittsvenlege kulturmanifest:
”Vi drit på opphavsretten dykkar! Vi drit på lovene dykkar! Vi drit på åndsverka dykkar!”

Vi veit vi vil vinna denne kampen! Vi veit vi er på rett side! Vi er på framtidas side! Vi kan ikkje tapa!

Og mens dei framskrittsvennlege sjørøvarane feirar sigeren på forskott, ber eg, ein fattig forfattar, som i godt vaksen alder har våga meg ut på havet ombord i ein av mine små romanar den gamle sjømannsbøna: ”Å, herre gud, fri oss frå piratane sin vrede!”