Aktuelt

Pluss i margen

Dei seier at det finst ein festival på kvar holme i Noreg. Heldigvis, kan ho tenkje, som har vore gjest på ein av dei gode,…

img_4003

Dei seier at det finst ein festival på kvar holme i Noreg. Heldigvis, kan ho tenkje, som har vore gjest på ein av dei gode, ein av dei med namn i verdstoppen på plakaten, og så sit i bilen til festivalsjefen, på veg inn og ut fjordar og nes og sund og små høgdedrag, etter litteraturfestivalen Åram Pluss. Åram er ein stad i Vanylven kommune, og ikkje større enn at eg brukte eit kvarter på å løpe frå stadsskiltet inn til Åram, til eg møtte skiltet som fortalte at eg var i på ein ny stad. På denne staden, som har ei ferjekai, ei kyrkje, eit par bustadshus og to hytter for tyske fiskarar, der har ein kulturhus. Òg festival. På Åram Pluss kunne ein i helga få eit snikkikk inn i storverket Nynorsk Litteraturhistorie. Det har offisiell lansering på Nasjonalbiblioteket i Oslo no på måndag. Men Jan Inge Sørbø var altså her først, og først ute med lansering var Åram Pluss også med Hilde Myklebusts tredje diktsamling, sjette bok: Kvar ein fugl. Ein fekk høyre og oppleve henne i poetisk praksis og teori – i samtale, opplesning, poesikonsert. Sørbø hadde nærlese Myklebust og fann overraskande mykje godt samanlikningsgrunnlag med Vesaas’ Fuglane. Salen var fullsett under sleppet, som de òg var då Marit Kaldhol var i samtale med Øystein Vidnes. Det var fleire folk på vesle Åram pluss​ enn på eit gjennomsnitts arrangement på ein stor, norsk festival. Kor kunne ein elles ha opplevd den litterære verdsstjerna Maria Parr​ lese nesten heile Keeperen og havet? I Vanylven, for det er her dei er frå, Maria Parr, Hilde Myklebust, Øystein Vidnes​. Det kan vere kommunerekord i å ha prisvinnande forfattarar av poesi, prosa, litteratur for barn, og omsetjarar frå portugisisk, tysk, italiensk – for å nemne nokre av språka Øystein Vidnes set om ifrå.