Poesi, eit internasjonalt språk

Literaturwerkstatt Berlin er ein verkstad for teksthandtverkarar. LWB lagar mellom anna Poesiefestival Berlin. Årets festival opna i går kveld, med opplesingar og performances med mellom…

litteraturwerkstatt

Literaturwerkstatt Berlin er ein verkstad for teksthandtverkarar. LWB lagar mellom anna Poesiefestival Berlin. Årets festival opna i går kveld, med opplesingar og performances med mellom andre skotske Don Paterson, kanadiske Christian Bök, og burmesiske The Maw Naing. Og i år – som dei fleste åra før – har den poetiske praksisen eit bakteppe av meta. Parallellt med dei litterære bidraga, går eit overordna seminar; ein verkstad for alle som jobbar for litteraturen; for internasjonale poesifestivalar. Her handlar det i år mykje om litteraturscena. Der Poesie ein haus, Leerstelle, Leerzeichen, Klangraum, Haus auw wortern, Wortgenbilde: Weltklang – Nacht der Poesi er opningsframsyninga som bind alle desse romma saman, og som opnar både Klangraum, ein poesilydinstallasjon, samt sjølve festivalen. For det offesielle programmet og sideseminaret, det for festivalar og andre arrangørar, las i går kveld poetar frå Toronto, Tyrol, Israel, Italia, Botswana. Sjarmoffensiv, er det, med og for festivalleiarar, poetar, poesi, og rein klang er blant ingrediensane i eit seimnar som går amtidig med Poesiefestival Berlin 2013. Samtidig med denne relativt konvensjonelle festivalen: Poesi sagt frå scener rundt om i Berlin, 

og særleg ofte frå kunstakademiet sin storsal i Hansagata 10. Kunstformar kjem saman i kunstskulen denne helga, og veka som kjem. Det er eit rom som inklduerer installasjonar, spoken word, meir tradisjonell lyrikk, biletkunst og musikk Her er synergieffektar er meir enn eit fyndord, det er som alle ord her, denne veka. Dei er som levande.