Populær litterær salong

Hausten 2014: Marit Borkenhagen og Lina Undrum reiser til Kina for research til Norsk Litteraturfestival 2015. Noko av det som dei ser, er at den…

dsc_07782

Hausten 2014: Marit Borkenhagen og Lina Undrum reiser til Kina for research til Norsk Litteraturfestival 2015. Noko av det som dei ser, er at den private litteratursalongen er vanleg. Kanskje på grunn av sensursituasjonen, kanskje fordi det gir ein annleis arena for litteratur. Dei tar ideen med seg attende til Noreg. Dei arrangerer ein konkurranse i det lokale, for å finne dei private heimane for arrangementer til Undsetdagene 2015. Cathrine Strøms heim var ikkje ein del av konkurransa. Hennar programpost var allereie avtalt: 

 

– Cathrine er jo ein eldsjel, ei lokal litteraturkunnskapskjelde – ei som også er veldig opplest på nordisk litteratur – som vi ønskte å bruke til noko artig, fortel kunstnarisk rådgjevar for festivalen, Linn Rottem. Ho er vikar for Undrum Mariussen. 

Xi Chian, som har omsett Olav H. Hauge, blir kveldens gjest i ein heim i Lillehammer. Tilbodet har vore populært.  Problemet er berre plassen.

– Vi får ikkje plass til alle, seier Rottem, men er elles særs nøgd med arrangementa.

Bildet: Philip Teir (Finland) les under Nordisk Salong. Programposten var i år heime hos litteraturformidlar, omsetjar, spaltist og kritikar Cathrine Strøm (bildet over).