Pre pressekonferansane

Som at sommaren hadde godt ver ute å vere inne i. At forfattarane har ferdigstilt haustbøkene sine, og bokhausten 2015 blir så bra som han…

472940_194511527337398_1793130645_o

Som at sommaren hadde godt ver ute å vere inne i. At forfattarane har ferdigstilt haustbøkene sine, og bokhausten 2015 blir så bra som han lovar. At Tormod Haugland lanserer ein ny roman på Mono 20. august, Anne Oterholm på Eldorado Bokhandel den 21. august, og Simon Stranger på Ingensteds no på måndag 10. august. Birger Samuelsen lanserer boka si 26. august, på Internasjonalen, og det kjem elles nye romanar frå Roy Jacobsen, Marit Eikemo, Helga Flatland, Johan Harstad, Rune F. Hjemås, poesi frå Øyvind Rimbereid, Linda Klakken, Terje Dragseth og Pedro Carmona-Alvarez, og på Samlaget noko unikt: Bok signert avlidne Jan Roar Leikvoll. Leikvoll gjekk bort i fjor, og etterlot seg uferdige skrifter. Eitt av manusa er no ferdigstilt, med forklaring som gitt av redaktør David Aasen til Bergensavisa i sommar: Leikvoll ønskte at det skulle komme ut.

Apropos Samlaget, så har forlaget pressekonferansen sin 19. august, på føremiddagen. Aschehoug har sin 10.30, i forlagslokala, den 27. august. Den dagen har forlaga sin årlege, store bokmarknad. Vi oppdaterer etterkvart som vi høyrer frå andre forlag også. Men lenge programmert, er festivalar: I månadsskiftet august – september er det Bjørnsonfestival i Molde, med feiring av 70-årsjubilanten Knut Ødegård og mottakar av Bjørnsonstipendet 2015, Anna Kleiva. 10. september kan du vere med på ein klimarealtert kulturfestival i Trondheim: Ugress. Kapittelfestivalen byrjar 16. september, med mellom andre Karl Ove Knausgård, Ida H. Høyer, Lars Mytting og Levi Henriksen. 8. oktober byrjar Oslo Internasjonale Poesifestival, ein festival som mellom anna prsenterer norsk poesi i ein internasjonal kontekst. For ikkje å snakke om seinhausten; Ordkalotten, onsdagar på Litteraturhuset og dei fabelaktige, nye stemmane, debutantane, som blir presenterte i byrjinga av desember på Litteraturhuset.