Prins Eugens Kulturpris

Gratulere til Gunnhild Øyehaug for Prins Eugens Kulturpris for 2010. Den blei delt ut i Stockholm søndags kveld.  Gunnhild Øyehaug (f. 1975 i Volda) debuterte…

Gratulere til Gunnhild Øyehaug for Prins Eugens Kulturpris for 2010. Den blei delt ut i Stockholm søndags kveld. 

Gunnhild Øyehaug (f. 1975 i Volda) debuterte skjønnlitterært med ei diktsamling. "Slaven av blåbæret" kom i 1998, og blei fulgt opp av ei novellesamling. Novellesamlinga blei fulgt opp av essays, i tredjeboka "Stol og ekstase". Den fjerde boka var ein kritikarrost roman: "Vente, blinke: eit perfekt bilete av eit personleg indre" kom i 2008, og blei hovudbok i De Norske Bokklubbene, og var med på å gi forfattaren både Sult-prisen og Doublogprisen. Vi kjenner Gunnhild som ein mangfoldig forfattar som beherskar "alle" sjangrar. Kva no, Gunnhild?

– Kva betyr denne siste prisen betyr for deg, og for den vidare skrivinga di?

– Eg er veldig glad for å få denne prisen, det er godt både å bli lagt merke til og å bli løfta fram på denne måten, det er klart, seier Øyehaug, om prisen som blir delt ut i Stockholm den 5. oktober, til musikk av Arve Tellefssen og Nidarosdomens Guttekor. Det handlar om det norsk-svenske, og om utveksling mellom nordiske land. Denne prisen blir nemleg gitt ut kvart år til ein nordmann og ein svenske som jobbar for å styrke norsk-svenske forbindelser. Øyehaug kommenterer:

– Det er også særleg stas ettersom det er ein svensk-norsk pris, med eit meir fellesnordisk siktemål. Kva det vil ha å seie for skrivinga mi er ikkje lett å seie, anna enn at eg får ein slags vind i segla og jublar rundt litt. Men skrivebordet er skrivebordet mitt, same kva, seier ho, som får 50000 kroner ekstra i potten. Måtte det gå til arbeidet med ein ny Øyehaug-bok!