Direktør i NORLA, Margit Walsø, uttalar følgjande om tilsettinga:
– Halldór Gudmundsson har unik kunnskap om å leie eit så omfattande prosjekt som det ein hovudlandssatsing er. Han har dessutan eit stort internasjonalt nettverk. Med Halldór Gudmundssons røynsle og kompetanse blir det norske hovedlandsprosjektet løfta vidare. Eg gler meg til samarbeidet.»
Halldór byrjar i stillinga 1. mars 2017, og skal leie prosjektgruppa, som elles vil ha ein PR-ansvarlig og to programkoordinatorar.