Prøvde å imponere kvarandre med humor

Nytt DnF-medlem Guri Sørumgård Botheim (46) sin debutroman vart gitt ut med søster hennar, og var eit resultat av at dei åt godteri og høyrde på progrock.

Foto: Benedikte Skarvik

Kva forfattar har hatt mest å seia for din eigen forfattarskap?

Som 15-åring las eg Bjørndaltrilogien av Trygve Gulbranssen og vart forelska i hovudpersonen Unge Dag. I den alderen begynte eg å skrive dikt, og det var starten på draumen om å bli forfattar.

På vidaregåande skreiv eg særoppgåve om Paal-Helge Haugen. Eg skjønte ikkje kvifor eg likte dikta hans så godt, og eg prøvde å finne ut av det. Da eg studerte litteratur ved NTNU, skreiv eg hovudfagsoppgåve om Gunnar Wærness, og om korleis han arbeidde da han skreiv diktsamlinga Takk. Eg fekk lesa alle utkasta han skreiv bak den ferdige diktsamlinga. Det var verdifullt for mi eiga skriving òg. Det var skummelt å sjå kor mykje arbeid som låg bak diktsamlinga hans, og samtidig var det på eit vis tryggande.

For å klare å skrive ei bok må ein vera sta, for det tek så utruleg lang tid. Folk trur at ein som forfattar skriv fortare og lettare enn andre. Men greia er jo at ein skriv saktare. Tid er trikset. Eg liker godt å høyre forfattarar fortelja om skriveprosessane sine.

Kva forhold har du til å stryka tekst?

Det er nødvendig! Eg liker å redigere.

Kan du fortelja litt om skriveprosessen din? Kva må vera på plass, korleis kjem du i gang, kvar i teksten byrjar du?

Skriveprosessane bak dei tre bøkene mine har vore svært forskjellige. Debutromanen Ramstein pensionat skreiv eg i lag med syster mi, Sigrid. Det starta som ein aktivitet. Vi skreiv og kryssklypte tekstar, prøvde å imponere kvarandre med humor, åt godteri og høyrde på progrock.

Diktsamlinga Heime mellom istidene var ei utforsking av kva det vil seia å kjenne seg heime. Det var ei slags grubling, eg sakna heimbygda mi Lesja. Skrivinga begynte med eit dikt om kornsiloen eg hadde utsikt til frå leilegheita mi i Trondheim.

Hausten 2017 såg eg i eit glimt for meg eit kjærastepar som går inn i Eysteinskyrkja på Hjerkinn ein julekveld. Dette vart starten på skrivinga av romanen Høgfjellsmeldinga. Ei ny skriveglede dukka opp, eg hadde lyst til å arbeide med romanen heile tida. Det gjorde at eg torde å seia opp fulltidsjobben, flytte heim att til bygda og bli forfattar på halvtid.

Les du andre forfattarar når du skriv?

Ja, det er eg ikkje redd for. Eg les fordi eg liker å lesa, og nokre gonger spionerer eg litt på det tekniske. Akkurat nå les eg Hafni forteller av Helle Helle, og det er jo både fascinerande og irriterande å lesa bøkene hennar. Eg vil så gjerne skjønne kva ho driv på med forteljarteknisk, men eg klarer ikkje å overskode det.

Kva liker du å lesa?

Kvar kveld les eg for den yngste dotter mi som er fire år. Så eg set pris på slitesterke barnebøker. Elles les eg for tida mest norske samtidsromanar, og dessutan nokre sakprosabøker og rapportar om naturtap.

Det siste året har eg hatt stor glede av å lesa romanane Rikt er et folk som har skogen av Amalie Kasin Lerstang, Allmenningen av Helene Guåker, Løpe med de ulver som er ute av Ida Gilbert og sakprosaboka Naturparadokset av Marit Beate Kasin. Dette er fire heilt ulike, men veldig gode bøker om naturtap og engasjement, og det er bøker med verdifulle perspektiv frå bygda.

Kva synest du om norsk litteraturpolitikk?

Det er eit stort spørsmål. I tillegg til skrivinga arbeider eg 50 % som rådgjevar i Norsk Forfattersentrum, så forfattarøkonomi og litteraturpolitikk er noko som opptek meg. Kunstnarundersøkinga 2019 viste at medianinntekta til fulltidsarbeidande skjønnlitterære forfattarar berre er på 188 000.

Det er viktig at vi klarer å dyrke fram forfattarar med ulike bakgrunnar og frå ulike sosiale lag i befolkninga. Den aukande kommersialiseringa og kjendisfokuset bekymrar meg. Nokre forfattarar får mykje oppmerksomheit, og går nærast i loop. Andre forfattarar får lite oppmerksomheit, og blir nesten gløymt.

Om ein ikkje får meldingar når boka kjem ut, blir ein jo for eksempel heller ikkje trekt fram i oppsummeringane avisene gjer før jul. Det kan verke som at dei mindre kjente forfattarane må arbeide meir og meir med å marknadsføre seg sjølve, det kan vera ganske tungt arbeid, som òg stel tid frå skrivearbeidet.

Kva forventningar har du til medlemskap i Forfatterforeningen?

Eg er spent på å lære meir om korleis foreininga arbeider!

Guri Sørumgård Botheim har gitt ut romanen Ramstein pensionat med Sigrid Sørumgård Botheim (Samlaget, 2009), diktsamlinga Heime mellom istidene (Samlaget 2016) og romanen Høgfjellsmeldinga (Oktober, 2023).