Psykose rekonstruert

Det er tredje gongen eg les Psykose 4.48 av Sarah Kane. Eg ville attende til ei førstehandskjelde om psykosen etter månadsvis med medietekstar om Anders…

psykose

Det er tredje gongen eg les Psykose 4.48 av Sarah Kane. Eg ville attende til ei førstehandskjelde om psykosen etter månadsvis med medietekstar om Anders Behring Breiviks psykiske tilstand og mulege psykose; om hans tilreknelegheit eller ikkje – . Nylesinga av Psykose 4.48, i omsetjing av Jon Fosse, blei til dette essayet. Det var på trykk i Klassekampen i april:
(Ei svært lang stille)
– Men du har vener.

Slik skulle «Psykose 4.48» byrje. Mitt eksemplar av boka byrjar ikkje slik. Ho byrjar ei side tidlegare, under kolofonen, med skakk handskrift: til Mette, ein fæl tekst, men òg god. Det er handskrifta til ein ven. Ein god ven, som òg har fått meg til å grine og le, til å rase mot han og like han. Eit liknande forhold har eg også til «Psykose 4.48», det siste av dei fem dramastykka til Sarah Kane, og, på eit vis, det fælaste. Finn eg livsvilje i den teksten, då finst det grunnar nok til å leve.

Dette bokessayet er ei lesing av «Psykose 4.48» frå eit livsbejaende perspektiv. Her er frå byrjinga av slutten – av boka, av eit liv. Tekstutdraget er eit siste krafttak av klokskap. Det er ein konsentrasjon av lys, skarpt som laser. Ein psykotisk artikulerer klår innsikt. Ein ulykkeleg skildrar håp:

å forsvare mitt psykologiske rom

å rettferdiggjere eg-et

å bli lagt merke til

å bli sett og høyrt

å begeistre, overraske, fascinere, sjokkere, fengsle, more, underhalde eller lokke andre

å gi mat til, hjelpe, verne, trøyste, mote opp, støtte, pleie eller lækje

å få mat, hjelp, vern, trøyst, bli mota opp, støtta, pleidd eller lækt

å inngå i gjensidig tilfredstillande, varige og likeverdige forhold til den Andre

å bli tilgitt

å bli elska

å vere fri.

«Psykose 4.48» er neppe skrive i ei tilstand av akutt psykose. Vekslinga mellom mørke og lys, mellom komedie og tragedie er velkomponert. Tett monolog blir fulgt av lang stille. Ei svært lang stille. Den mest avanserte syntaks blir fulgt av eit dekonstruert språk. At psykotiske mistar språket framstår som ei misforståing. Det er i alle fall ein reduksjonistisk skildring av forholdet sinnssjuk-språkevne.

Tvert om, ein må kjenne språket for å kunne flytte om på det. Tekstdestruksjonen fell Kane naturleg. Om ein skal snakke om eit psykotisk språkproblem, handlar det ikkje om grammatisk kompleksitetsnivå. Språkproblemet kan oppstå når bodskapen manglar retning; når det ikkje lenger er retta mot eit du, når duet ikkje finst, og alt som finst er refleksjonar av indre impulsar. Og sjølv då er det til å kjenne seg att i, for den som har vore mildt deprimert, mildt sjølvoppteken.

For kva er eigentleg dette store omgrepet psykose? Det er den medisinske utgåva av det store omgrepet sinnssjuk. Psykose kan vere schizofreni, paranoia, depresjon eller manisk-depresivitet. Felles for alle er symptomet dårleg verkelegheitsoppfatting, som sviktande dømekraft, feiltolking av sosiale signal, sviktande kontaktevne. Språk er eit verktøy for kontakt, ein måte å formidle korleis det kjennast å vere psykotisk. Kane skriv på side 30:

Symptom: et ikkje, søv ikkje, snakkar ikkje, manglande kjønnsdrift, fortvila, ønskjer å døy.

Diagnose: patologisk sorg.

Zoloft, 50 mg. Insomnia forverra, alvorleg angst, anoreksi (vekttap 17 kg), stadig fleire suicidale tankar, planar og intensjonar. Seponert etter innlegginga.

Sjølv i slike avsnitt, kor teksten blir nesten klinisk, er det ein humanisme som kjem i form av humor. Også evna til å bruke undertekst viser innlevelse i lesaren.

Attende til den første sida av boka, som er gjengitt først i dette essayet: Etter den lange stilla, kjem dette – Men du har vener. Dette men rommar ei heil historie som blir rulla opp førti sider seinare:

Du treng ikkje ein ven du treng ein dokter. (Ei lang stille.)

Du tar heilt feil. (Ei svært lang stille.)

Men du har vener. Men.

Boka er ein fæl stad å vere. Men også morosam. Mobiliserande lys, døyvande mørke. Denne vekslinga mellom håp og meining er den strukturerande agenten, premisset som Kane skriv etter. Ho skapar sin eigen form for teatralsk anarki, eit kalkulert dramaopprør. Det er også eit opprør mot forteljinga. Det hermar ein psykotisk tekst, ein oppløyst dramaturgi. Den dekonstruerte grammatikk og fragmenterte tekst er eit avantgardistisk ideal. Kunstnarar som Edvard Munch, Vincent van Gogh, Gunnar Ekelöf, Erik Lindegren, Beate Grimsrud, Leif Holmstrand er nokre av dei som har utforska psykosen gjennom sine ulike uttrykk.

Andre skildrar det meir utafrå, og teiknar ekstreme tilstandar av psykose. Ambjørnsens tvangslidande Elling, bipersonane i Karin Fossums «De gales hus» kan vere meir karikerte, utvendige. «Psykose 4.48» er innanfrå, djupt, ein søken etter kontakt. Samstundes er det hos Kane ein syntaksmessig perfeksjon, og ein slags ekskludering og distansering. Men kven er det som blir ekskludert? Det kan vere eg-ets dokter. I essayet «Den gamle skamliga vanligheten: analys av experimenterande poesi och psykosens språk» av Per Bäckström, er eit brev frå ein psykotisk pasient:

«Jeg kan ikke faa Fred i denne Anstalt paa Grund af Søster A…s milde Pleje. De milde Øjne forfølge mig Dag og Nat. Kan I ikke bringe mig til et barsk Sted. Helst gik jeg følgende Vej: Tyvestik i Maven (stort og lille), Klinikbehandling hos Doctor Brünnicke (Selvmord (antiklinisk) Krigstjeneste (…).»

I essayet, som er kalla opp etter Gunnar Ekelöfs dikt, meiner Bäckström at brevet er skrive som ein oppriktig klage, men ut frå ein undertrykt forelsking i Søster A. På liknande vis kan ein lese inn ein undertrykt kjærleik til lækjaren i «Psykose 4.48». I ei verd som elles høyrer alt snakket hennar som røyndsfjernt babbel, som symptom, sett dokteren punktlyset sitt mot den delen av pasienten som er normal, og det ved seg sjølv som pasienten kan relatere til:

Dei fleste av pasientane mine ønskjer å drepe meg. Når eg går ut herfrå og dagen er over treng eg å gå heim til kjærasten min og slapper av. Eg treng å vere med venene mine og slappe av. Eg treng venene mine for å klare meg. (Stille.)

Eg hatar denne faens jobben og eg treng venene mine for å behalde forstanden. (Stille.)

Dokteren i denne boka går dit kor hennar og pasientens sinn overlappar, men utan å sjukeleggjere seg sjølv. Til motsetning har eg lese sjukeleggjorde tekstar av friske diktarar. Livskraftige lyrikarar som med vilje destruerer, og som dekonstruerer eit språk som dei elles beherskar. Samstundes strekk nokre psykotiske seg langt for å rekonstruere språket, og konstruere meining.

Det er ikkje bare farleg å romantisere dødslengt, men også respektlaust ovanfor den som er uunngåeleg fanga i galskapen. Det er noko anna å skildre, eller forsøke å skildre korleis det faktisk er å vere psykotisk. Det synest eg at «Psykose 4.48» gjer. «Ikkje eit skrik om hjelp, men ei bøn om kjærleik», heitte det i programteksten då døveteateret Manu sette opp «Psykose 4.48» på Showbox i november i fjor. Det sto også at stykket var tenkt for ungdom.

Å presentere ungdom for det som omsetjaren kallar eit depressivt, og suicidalt medvit er sjeldan i Noreg. I motsetning til svenskane, til dømes, har barne- og ungdomsteatertradisjonen vår vore pedagogisk. «Psykose 4.48» grensar til det uuthaldelege. Men stykket oppmodar ikkje til sjølvmord. Det brukar kunstens språk til forsøksvis å artikulere det uforståelege. Dei største tinga i verda er vanskeleg å seie noko eintydig sant om. Det pedagogiske språket strekk neppe til. Difor var manusoppsetjinga, for ungdom, viktig.

«Psykose 4.48» er ei tynn, lita bok, kor teksten blir skrinnare mot slutten. Ho er ein kropp kor vitale organ er opererte bort. Bare eit skal er att av kroppen. Det er stadig større plass til sjela. Kroppen skulle ikkje vere i stand til å bevege seg, til å opne auger, snakke. Men i plutselege krafttak opnar denne teksten augene, og sender lyse blikk: Pupillane pitte små av morfin. Setningane like så: Stutte, men kvart ord vel valt, medvite om avtrykka dei sett att.

Kvart ord, eit spor, som merkar lesaren som blir att, når sjela har forlatt det skrinne hylsteret av kjøt og hud, og alt ein har att er desse ru sidene av papir som gulnar litt meir for kvar dag. Men tusjteksten frå venen min, den i kolofonsida, han er like mørk og klår