Radioen melder om ekstremvêr

Frå fjernsynsskjermen melder statsmeteorologen om ekstremvêr i Sunnfjord, og særleg glatte vegar og mykje vind på riksveg 57, den som mellom anna knyt Hyllestad til…

Kjartan Hatløy © Oddleiv Apneseth

Frå fjernsynsskjermen melder statsmeteorologen om ekstremvêr i Sunnfjord,

og særleg glatte vegar og mykje vind på riksveg 57,

den som mellom anna knyt Hyllestad til Dale. Den turen førebur Kjartan Hatløy denne kvelden,

ein laurdag tidleg i april. Førebuinga hans er å omsetje Paul Celan til nynorsk. Diktet Tenebrae kom nemleg Hatløy i hug då han høyrte Siw-Anita Kirketeig lese høgt på eit arrangement. Den unge sambygdningen og debutenten las frå debutsamlinga si Alt kjød er grønt gras. Og det var noko der, noko med dei bibelske motiva, og med gjentakingane, som Hatløy tykte om. Berre veker seinare fekk han vite at dei skulle på scena i lag, dei to; Kjøkkendikt, eit arrangement i heimbygda til Kirketeig, nabobygda til Hatløy, søndagen, den med ekstremvêr. Men ekstremvêr som definert av meteorologar i hovudstaden er normalen for sunnfjordingane. Hatløy kjem seg greitt til Dale, og les dette diktet for Kirketeig og ein fullsett sal på Jakob Sandetunet i Dale, Sunnfjord. For sambygdningar og folk som hadde reist langt – og i noko vind og regn, for å høyre Hatløy og søstrene Kirketeig. Dette nesten spontanomsette diktet deler Hatløy no, to søndagar seinare, med oss alle.

Då Hatløy skjønte at det blei alvor av diktpubliseringa, tok han fram ein artikkel av Theo Buck,”Angstlandschaft Deutschland”, om Celan sin eigen nærlesing av andres dikt: 

Du liegst im Grossen Gelausche,umbuscht,umflockt osv, resiterer Hatløy, og kommenterer:

– Celan var rimelegvis hatefull over dei mange som etter krigen gjekk enkelt vidare frå NSDAP og til å styra Wirtschaftwunder, skriv han. Og vêret, korleis har det blitt no, eit par veker etter stormvarselet? Det er regn, skriv Hatløy, men var mange solrike timar før i dag. Eg stod lenge og såg korleis fargen på dei yngste bjørkene endra seg med sola sin posisjon.