Aktuelt

Regjeringa heidrar Jon Fosse

I samband med at Jon Fosse vert tildelt nobelprisen i litteratur for 2023, vil regjeringa leggja til rette for eit nytt, årvisst tiltak som heidrar forfattaren – ei årleg Fosse-førelesing med tilhøyrande arrangement i regi av Nasjonalbiblioteket, der det òg vert tildelt eit Fosse-stipend.

Regjeringa vil på denne måten medverka til å markera kor viktig forfattarskapen til Fosse er for Noreg og internasjonalt.

 Det er aller fyrste gongen ein forfattar som skriv på nynorsk, vert æra på denne måten, og det er heile 95 år sidan førre gongen ein norsk forfattar vart tildelt nobelprisen i litteratur. Dette er ei historisk hending, og Fosse vil for alltid verta skriven inn i litteratursoga både i og utanfor Noreg. Regjeringa vil heidra den eineståande internasjonale posisjonen Jon Fosse har oppnådd, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Aslak Sira Myhre og Lubna Jaffery på Nasjonalbiblioteket ved privatarkivmateriale frå Jon Fosse. Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket.

Den årlege førelesinga skal haldast av ein internasjonalt kjend forfattar, dramatikar, litteraturforskar e.l. som vert invitert av Nasjonalbiblioteket i samråd med Jon Fosse. Under dette arrangementet vel det òg verta delt ut eit stipend for opphald i Noreg for ein omsetjar som arbeider med å setja om norsk litteratur til andre språk. Mottakaren av stipendet vert vald ut av NORLA (Norwegian Literature Abroad) i samråd med Nasjonalbiblioteket.

Jon Fosse er gjord kjent med dette og har gjeve denne kommentaren:

– Eg er svært takksam for at regjeringa vil etablera eit årleg Fosse-føredrag og også etablera eit nytt stipend for omsetjarar av norsk litteratur i samband med at eg blir tildelt nobelprisen i litteratur. At dette blir kunngjort midt i nobelveka, gjer sjølvsagt denne endå viktigare både for meg og for norsk litteratur.