Respekt og sjølvrespekt

I seks år tidleg på 2000-talet var eg medlem av Det litterære råd i Den norske Forfatterforening. Eg minnest dei åra som ei viktig og…

edvard_hoem

I seks år tidleg på 2000-talet var eg medlem av Det litterære råd i Den norske Forfatterforening. Eg minnest dei åra som ei viktig og rik tid i mitt forfattarliv. I Rådet gjorde vi som rådsmedlemmene før og etter oss: Vi delte kvart år ut millionar av stipendkroner til norske forfattarar.

   For det første hadde vi innstillingsrett til ei rekke statlege stipend. Eg kan ikkje minnast at vår innstilling nokon gong vart underkjent av departementet.  Så var det stipend frå fond som Den norske Forfatterforening rådde over, spesielt Solidaritetsfondet, der millionar av kroner tikka inn i Bokklubbens glansperiode. Endeleg var det Bibliotekvederlaget, framforhandla av Bjørn Nilsen og andre eksepsjonelt dyktige fagforeningsfolk.

 
     På same måten som rådsmedlemmene før og etter oss, las vi nye norske bøker tidleg og seint. I januar kvart år isolerte vi oss og diskuterte oss fram til kven som var dei mest verdige blant våre kollegaer. Sidan storparten av alle stipendkroner, også fylkeskommunale stipend og litterære prisar, var i vår hand, kunne vi sørge for at ikkje slump og tilfelle førte til at ein og same person fekk fleire stipend på ein gong.

    Somme seier at bukken ikkje bør passe havresekken, men det er misvisande i dette tilfellet. Vi hadde eit vederlag for oppdraget som tilsvarte eit arbeidsstipend, og vi kunne ikkje sjølv figurere på søkarlista. 

     Ofte var det stort samanfall i vurderingane, innimellom var dei samrøystes. Eg minnest folk som avdøde Stig Sæterbakken, som var ein glimrande rådsleiar. Eg minnest kor mykje glede eg hadde av å diskutere med Ole Robert Sunde. Dette var karar som eg ikkje alltid delte litteratursyn med, men i Rådet stemte vi nesten alltid likt. I Rådet vart eg kjend med Karin Sveen og Ann Kavli, og der kom Sissel Lange-Nielsen, grundig førebudd og med glassklare synspunkt.   

     Når forfattarar kjem saman slik, er det ingen som vil ta andre omsyn enn dei profesjonelle. Alt som smakte av kameraderi ville øydelegge vår profesjonelle ære og integritet.

     Forfattarhandverket kan vera einsamt og krevande, men i Rådet opplevde vi kor mykje vi hadde til felles. Vi gledde oss når vi med «samstemmig jubel», som det heiter i høgmesseliturgien, kunne konstatere at nye og store talent var på veg. Somme gonger heldt vi oss ikkje for gode til å gi ei påskjøning til dei som hadde streva år ut og år inn, utan enno å ha nådd dei store høgdene. Men alt dreidde seg om kvalitet, kvalitet, kvalitet. Kven og kva vi snakka om på alle desse møta, har eg lova å teia om til min siste dag, men ansvaret og alvoret og den kollegiale fellesskapen vil eg alltid minnast.

      Det var, om eg minnest rett, kyrkje- og undervisningsminister Kjell Bondevik som i si tid overførte ansvaret for stipendutdelinga til kunstnarane og deira organisasjonar.  Avgjerda kom som ein konsekvens av at Agnar Mykle ein gong i 1960-åra ikkje fekk statsstipend. Avslaget vart grunngitt med at han ikkje hadde søkt på riktig skjema. Kjell Bondevik fekk mykje peppar for dette. Eg går ut frå at Mykle i søknaden, som i all annan korrespondanse, framheva at «I am the greatest», og at dette uttrykket absolutt ikkje måtte omsettast. Bondevik vart omtalt «mørkemannen» som ikkje tålte Mykles bøker. Dette ville han ikkje ha sittande på seg. Derfor fekk kunstnarorganisasjonane innstillingsrett.

     No vil eit utval nedsett at Kulturdepartementet at Norsk Kulturråd skal utnemne komitear til å dele ut stipend på ulike kunstområde. Uttrykk som «maktspreiing», «fridomsreform» og «armlengdes avstand» går igjen i omtalen av innstillinga.
 

    Skrivaren ser ikkje bort ifrå at innstillinga inneheld gode og viktige framlegg. Men at kunstnarorganisasjonane skal misse innstillingsretten, er eit blindspor og vil føre ikkje føre til maktspreiing, men til maktsamling og byråkrati.
 

     Stipendtildelinga vil alltid innehalde eit element av skjønn. Men den kollegiale respekten og sjølvrespekten er den sikraste garantien for at utfallet skal bli så rettferdig som råd.