Resultat til møtebordet

Mange forfattarar er godt nøgde med forlaget Cappelen Damm. Men tross i ganske gode resultat frå den store forlagsundersøkinga, vil forlagssjef Anne Fløtaker ta dei…

Mange forfattarar er godt nøgde med forlaget Cappelen Damm. Men tross i ganske gode resultat frå den store forlagsundersøkinga, vil forlagssjef Anne Fløtaker ta dei opp i eit særskilt møte i redaksjonen:
– Vi er glade for positiv og negativ tilbakemelding. All tilbakemelding hjelper oss til å bli enno betre, seier Anne Fløtaker frå Cappelen Damm.

Hos Cappelen Damm jobbar kvar redaktør med omlag 10 bøker til einkvar tid. Tilbakemeldinga frå CD-forfattarane har vore god i det siste. Alt i alt, kom dei ut som det tredje "beste" forlaget – sett frå forfattarane sin synsvinkel, og frå dei parametra som er sett frå undersøkinga. Og det som ikkje er bare bra, det skal dei diskutere på eit redaksjonsmøte sett av til dette:
– Vi skal ha eit slags miniseminar kor vi går gjennom undersøkinga, og ser på kva punkt vi er svake på. Vi ønsker å bli betre på dei tinga, og lære av undersøkinga, seier Fløtaker, og oppsummerar elles resultatet på denne måten
– Vi er gode på dei tinga som det er viktig for oss å vere gode på. Det er kvaliteten på det redaksjonelle arbeidet, og på det å vere ryddig i høve kontraktar og dei formale tinga.