Resultata frå den store forlagsundersøkinga

Den Norske Forfatterforening har gjennomført ei forlagsundersøking blant forfattarane sine. Undersøkinga er den første sidan 2005. No, som då, er det forholdet til litterær avdeling…

Den Norske Forfatterforening har gjennomført ei forlagsundersøking blant forfattarane sine. Undersøkinga er den første sidan 2005. No, som då, er det forholdet til litterær avdeling ved dei norske forlaga som blir undersøkt. Dette er den andre av fleire småsaker som vi vil publisere i samband med resultatet. Første saka er ein kommentar frå leiaren i DnF, Anne Oterholm. Her kan du lese hovudpoenga og – tala frå resultatet av undersøkinga, og lenke til sjølve resultatet: 

Styret i Den Norske Forfatterforening laga i sommar ei rekke spørsmål, som dei sendte medlemma i foreninga. Spørsmåla gjeld forholdet som forfattarane har til forlaget sitt. Det underliggande tema er heile tida: Er du (forfattaren) nøgd eller misnøgd med samarbeidet med forlaget ditt? Spørsmålsområda er desse:

– Lojalitet til forlaget.

– Om tida det
tek før ein får kontrakt på ei utgiving.

– Om å bli
forsøkt solgt til utlandet.

– Opplagsstørrelse.

– Tida som redaktørar tar for å lese og melde attende om
manus, og kor grundig tilbakemeldinga er.

– Lansering, marknadsføring og informasjonsarbeid.

– Arbeid mot bokhandlarar

Kva for forlag er best på desse tinga? Det stutte svaret er Oktober Forlag. Då poenga var telt opp for dei ulike kategoriane, fekk Oktober 65 av dei. Cappelen Damm fekk 48 poeng, Tiden 52 poeng, Gyldendal 39, Aschehoug 36 og Samlaget
26. Tala kjem på grunnlag av svar frå 243 forfattarar i DnF. Styret i foreninga er godt nøgde med oppslutninga.

Om lojalitet

Halvparten av dei mannlege forfattarane (som har svara på undersøkinga) har skifta forlag sidan
debuten. 34% av kvinnene seier det same. Og grunnen? Det er ofte dårleg
redaksjonell oppfølging. Men av dei mest lojale forfattarane, har vi
også av dei som er minst nøgde med den redaksjonelle oppfølginga: Dei som går frå Samlaget, skuldar oftare på dårleg
redaksjonell oppfølging enn kva forfattarar frå andre forlag gjer. Frå Tiden, var det mange som gjekk frå forlaget då redaktør Geir
Gulliksen slutta. Dei blei med han til Oktober Forlag. Liknande rørsler har også skjedd mellom andre forlag.

Om kontrakter, og utanlandsagentur

Alle dei seks som har svart, som er frå Kolon Forlag, skreiv
kontrakt då manus blei anteke. Elles så framstår dei store forlaga mest ryddige
på dette med kontrakter: Cappelen Damm og Gyldendal sender ut kontraktene
tidleg.

Kolonforfattarane er også nøge med forsøk på å selge boka
til utlandet. Sett bort frå dette, er norske forfattarar stort sett misnøgde
med arbeidet mot utlandet. Alt i alt er 7 av 10 er misnøgde.
39% svarar at dei har fått bøker forsøkt solgt til utlandet, og 65% svarar at dei ikkje har fått det.
Bestselgarar får lanseringsarrangement


Lanseringsarbeid, sal og marknadsføring


Ikkje alle forfattarar melder om særskilt lanseringsarrangement i samband med bokslepp. Minst nøgde med lanseringsarbeidet til forlaget, er forfattarane hos Gyldendal og Samlaget. Mest nøgde er dei hos Aschehough. Når det gjeld arten av lanseringsarrangement, så er annonsar det mest vanlege. 69% melder om at boka deira blei promotert på den måten. 53% fekk lese opp, 38% hadde lanseringsfest, og 35 blei "lansert" over internett. Bokhandlarmøte var ei erfaring hos 33%.

Av resultata kan ein sjå at titlar med opplag på over 5000 eks. oftare har lanseringsfestar, annonsering, opplesningar, bokhandlarmøte, osv, enn for titlar med mindre opplag.

Når det gjeld sal – og marknadsføringsarbeid, så er oktoberforfattarane mest nøgde (63%). Vi har ikkje så mange svar frå Tiden og Kolon. Men dei som har svart frå desse forlaga er også godt nøgde (60 og 50%, i same rekkefølgje). 37% av forfattarane frå Cappelen Damm er nøgde med forlaget sin innstats, 20% av Aschehougforfattarane er nøge, og 19% frå Samlaget. 

Forlagsundersøkinga er gjort i samarbeid med Enalyzer, som leverar
softwareplattform og konsulenttenester for gjennomføring av digitale
relasjonsmålingar. Forfattarane i undersøkinga er anonyme. For dei fulle og heile resultata, sjå det vedlagte worddokumentet.