Ri, ri på islandshest

Ri ri på islandshestRi mot øst og ri mot vestRi mot sør og ri mot nordRi mot der hvor (…) bor Islandsk litteratur har ei lang…

dsc_04562

Ri ri på islandshest
Ri mot øst og ri mot vest
Ri mot sør og ri mot nord
Ri mot der hvor (…) bor

Islandsk litteratur har ei lang fortid. Fortida tar stor plass i samtidslitteraturen. Dei litterære tilhøva mellom Island og Noreg handlar ikkje berre om dei gamle bøkene. Moderne islandsk litteratur veks i Noreg på den måten at fleire titlar blir omsett. Utvekslinga handlar elles mykje om krim.

Slik helser den islandske ambassadøren til Noreg, Gunnar Pálsson, velkommen til representasjonsbustaden ved Fredriksborg på Bygdøy. Det handlar om dei litterære banda mellom Noreg og Island. Om dei som ein gong gjekk frå vest mot aust: Snorre skreiv om norske kongar, frå islandsk perspektiv. Samtidssituasjonen liknar. Fleire islandske titlar blir omsett til norsk, enn norske til islandsk. 

Ein måte å endre på det, er iniativ som den tatt av den islandske ambassaden no: Møte mellom islandske og norske bokbransjefolk.