Rolf Magnus Orø ny Bjørnsonleiar

Rolf Magnus Orø blir den nye leiaren for Bjørnsonfestivalen. Det melder NRK i dag. Orø er 56 år og bur i Molde. Frå 1990 til…

Rolf Magnus Orø blir den nye leiaren for Bjørnsonfestivalen. Det melder NRK i dag. Orø er 56 år og bur i Molde. Frå 1990 til 2005 var han tilsett i Kulturavdelinga til Møre og Romsdal fylkeskommune. Han var ungdomskonsulent og leiar for formidlingsavdelinga, og har jobba med Kultursekken Kulturtorget og Ungdommens kulturmønstring.