Rolf Sagen debuterte på Samlaget med dikta Dørklinker (1966). For det fekk han Tarjei Vesaas debutantpris. Han blei snart ein sentral forfattar, og utmerkte seg mellom anna med eksperiment i å blande dokumentarisk stoff i skjønnlitteraturen sin. Han utdanna seg til klinisk psykolog og jobba nokre år på sjukehus før han blei forfattar på heiltid. I 1985 grunnla han Skrivekunstakademiet i Bergen. Sagen skreiv både romanar, noveller, dikt og barnebøker. Springfart ved fjorden vart av NRK P2 kåra til den artigaste boka i Noreg. Han har óg fått Kritikarprisen og Samlagsprisen.
Sagen vart medlem i DnF i 1971, og var styremedlem frå 1985 til 1989.