Aktuelt

Russifisering og norskifisering, politikk og samfunn, skåltalar og lydpoesi

Russifiseringa av Kviterussland og det kviterussiske, og at det er eit overgrep kan vere godt kjent. Då leiaren i Belarussisk Forfatterforening, Barys Pjatrovitj samtalte med…

Barys Pjatrovitj, Inga Ravna Eira og samtaleleiar (f.v)

Russifiseringa av Kviterussland og det kviterussiske, og at det er eit overgrep kan vere godt kjent. Då leiaren i Belarussisk Forfatterforening, Barys Pjatrovitj samtalte med Inga Ravna Eira frå Samisk Forfatterforening, vart det nok, for mange,  klarare kva overgrep som har vore gjort mot samisk språk frå statleg hald i Noreg.

– Teknologien praktiserer tematikken, sukkar ordstyrar under det simultantolka arrangementet om truga språk. Då ein tolk omsette frå samisk, måtte ein velje om det skulle bli omsett til norsk eller kviterussisk. Og sidan vi var flest norske i lokalet, vart det omsett til norsk. Både samiske Eira og kviterussiske Boris X fortalte om diskrimminering som dei har erfart fordi deira språk er minoriteten. Karasjok gjekkdet på barna først, fortel X: Staten fekk internat bygd der barn gjekk skule, og lærte norsk, ikkje samisk. Dei fekk servert “oslofrukost” med brød og pålegg, utan reinskjøt eller lokale bær. 

– Myndigheitene hadde føringar. Vi var ikkje utsett for juling, men vi fekk kjeft. Psykisk var det hardt, sa Inga Ravna Eiras. Belarussisk Forfatterforening blir slett ikkje stødd av dei russifiserte styresmaktene, men tvert om blir motarbeidd.

– Vi er svartelista, får ikkje uttrykke oss i statlege medium og blir ikkje gitt ut på statlege forlag. I Kviterussland heiter det seg at ein i russisk territorium snakkar russisk. Vi er tvungne til å stå imot trykket frå våre eigne makthavarra. For oss er det å få behalde språket det same som å halde på kulturen. 

Foreningsarbeid, det politiske i litteraturen, sjangeropplesingar og truga språk som samisk og belarussisk var også på programmet på fredag, Og når dette blir skrive, er det framleis ikkje ferdig. Les du dette fredags kveld, kom til Grand Hotel og få med deg Ingrid Storholmens skåltale for Tarjei Vesaas, opplesningar ved mellom andre Gunnhild Øyehaug, Mona Høvring og Kjartan Hatløy, og den aller siste sjansen til å oververe Frode Grutten og Pedro Carmona-Alvarez bestillingsverk til DnFs 125-årsjubileum. 

img_8519.jpegAnne Oterholm (f.v), Sigmund Løvåsen og Heidi Marie Kriznik, under programposten Litteratur, politikk og samfunn

 

strassegger_ida_hegazi_hoyer_og_thomas_espevik.jpg

Peter Strassegger, Mansur Rajih, Ida Hegazi Høyer og Thomas Espevik («Det politiske»)

fullsizer1_3.jpg

Ole Robert Sunde (på podiet, held skåltale), festivalsjef Astrid Nordang (fran)

barys_pjatrovitsj_inga_ravna_eira_og_samtaleleiar.jpgBarys Pjatrovitj, Inga Ravna Eira og samtaleleiar («Truede språk»)

marry_rauni_sigbjorn.jpgMarry Á. Somby, Rauni Magga Lukkari og Sigbjørn Skåden («Sjangeropplesninger»)

astrid_nordang_og_publikum.jpegAstrid Nordang og publikum (foto:  Sigbjørn Skåden)

image5.jpegKjartan Hatløy les. Foto: Sigbjørn Skåden