Samlaget

Det Norske Samlaget kom ikkje så godt ut av forlagsundersøkinga til DnF. Forlaget tek undersøkinga på alvor. No stiller forlagssjef Margit Walsø (biletet) spørsmål til…

Margit Walsø

Det Norske Samlaget kom ikkje så godt ut av forlagsundersøkinga til DnF. Forlaget tek undersøkinga på alvor. No stiller forlagssjef Margit Walsø (biletet) spørsmål til undersøkinga: «Kven har svart? Aktive forfattarar, eller forfattarar som ikkje har gitt ut bok på lenge?» Etter at resultatet ble kjend, har dei snakka i lag på Samlagshuset i Jens Bjelkes gate og hatt eit møte med Samlagetklubben, som er organisasjonen til forfattarane på Samlaget. Bodskapen frå forlaget er denne: «Vi tek resultatet på alvor!» Men dei seier også: «I høve tiltaka, hadde det vore interessant å visst noko om kor aktive dei misnøgde forfattarane er, dvs om erfaringane er knytt til bokutgiving no i det siste, eller om det ligg lenger tilbake i tid.»

Samlaget står i særstilling fordi det er det einaste reine nynorskforlaget (av dei store forlaga). Ein uvanleg stor del av forfattarmassen er busett på Vestlandet, og i andre strøk i distriktet. Og mange av forfattarane, av dei som hadde svara på forlagsundersøkinga til DnF, uttrykte misnøye med Det Norske Samlaget. Det gjaldt særleg marknadsarbeidet og det redaksjonelle arbeidet.

Samlaget har om lag 100 skjønnlitterære forfattarar viss ein tek med alle som har gitt ut skjønnlitteratur i løpet av eit langt tidsrom, men langt færre viss ein reknar dei som er aktive forfattarar med regelmessig utgjeving i dag. Talet på ny, norsk skjønnlitteratur har lege på 17 til 20 titlar i året.

Ut i frå undersøkinga virkar ikkje forfattarane på Samlaget så nøgde med forlaget. Er det ei realistisk framstilling? Vi spør forlagssjef Margit Walsø.

– Undersøkinga viser at mange er nøgde med det arbeidet vi gjer, men også at ein god del er misnøgde, seier Walsø. – Eg er overraska over ein del av resultata. For nokre få år sidan gjorde vi vår eiga undersøking, og fekk da innspel om at forfattaren ikkje var nøgde med den marknadsføringa vi gjorde. Dette tok vi tak i. No får vi også ein del kritikk for det redaksjonelle arbeidet, eit område vi er svært opptekne av, og som redaktørane legg ned mykje tid og krefter i. Vi er opptekne av kvalitet. Eit visst motsetningsforhold vil det alltid vere mellom forlag og forfattar, det er naturleg. Men framstillinga er sjølvsagt realistisk; når forfattarane opplever det slik, er det jo sant, sidan dei har svart så ærleg dei kan. Så dette er noko vi verkeleg tek på alvor, og vil gjere noko med – i samarbeid med forfattarane. I høve til tiltaka ville det vore interessant å visst noko om kor aktive dei misnøgde forfattarane er, dvs om erfaringane er knytt til bokutgiving no i det siste, eller om det ligg lenger tilbake tid.

– Samlaget sine forfattarar er av dei mest lojale! Så kva trur du då at denne undersøkinga betyr?

– At Samlagsforfattarane er av dei mest lojale er eg svært glad for. Det kan henge saman med at dette er forfattarar som skriv på nynorsk, og vi er eit nynorskforlag. Forfattarane har gjerne eit medvite forhold til forlaget sitt, og dei er engasjerte i korleis vi utviklar oss. For at forlaget skal utvikle seg vidare er vi avhengig av tydelege tilbakemeldingar. Det har vi fått, og lojaliteten betyr at forfattarane ønskjer å vere her, og vil bidra til utviklinga. Slik tolkar vi det.

Redaksjonelt arbeid

– Ut frå denne undersøkinga, virkar forfattarane dykkar misnøgde med det redaksjonelle arbeidet. Kva tenkjer du om det?

– Bildet er mykje meir nyansert når ein studerer undersøkinga nærmare, mange er også svært nøgde. Vi legg ned mykje redaksjonelt arbeid for å ha høg kvalitet i utgivingane. Mange forfattarar gir oss gode tilbakemeldingar på dette arbeidet. Men nokre er misnøgde med den jobben vi gjer, og vi må finne ut kva som er dei ulike grunnane til det. Utan at eg kan seie det sikkert, kan det vere nokre som er usamde i dei vurderingane vi har gjort, og som derfor har opplevd det som negativt å få kritiske innspel på manuset sitt. Her må vi vite meir om kva som ligg til grunn for svara. Vi skal gjennomføre vår eiga forfattarundersøking våren 2011. Det vil kunne gi oss fleire svar. Vi vil også gjennomgå arbeidsformene våre, rutinane, og snakke om dette med forfattarane, for å komme fram til forbetringar i korleis vi arbeider redaksjonelt. Vi har eit første møte med representantar for forfattarklubben vår alt denne veka.

– Forfattarklubben i Samlaget, Samlagetklubben, har fleire gongar reist spørsmålet om å få ein ekstra redaktør for skjønnlitterær avdeling. Medlemma i Samlagetklubben meinte at det var eit behov for fleire, og at dei redaktørane som finnst jobbar svært hardt og ofte overtid. Kva tenkjer du om det?

– Skjønnlitteraturen på Samlaget er inne i ei positiv utvikling når det gjeld merksemd og omsetning, og vi er glade for at vi i årets budsjettprosess fant det mogleg å utvide redaktørstaben på skjønnlitteratur. Vi utvidar slik at vi får to redaktørar på norsk skjønnlitteratur, to på skjønnlitteratur for barn og ein redaktør for omsett skjønnlitteratur for vaksne. Dette vil gjere at vi kan arbeide enda meir langsiktig med utvikling av forfattarskapa på Samlaget. Med utvidinga blir det ein auke på nesten 50 %. Med interne omrokeringar, blir effekten at vi lyser ut ei ny stilling så snart som råd.

– De har hatt ein del permisjonar hos redaktørane dei siste, par åra. Kva trur du at dette kan ha å seie for redaktørane sin sjans til å utføre jobbane sine?

– Det er ein del av livet at folk i ein viss alder har permisjonar, og det er meininga ein skal kunne ha eit liv utanom forlaget også. I Samlaget løyser vi dette med å engasjere svært erfarne og kompetente vikarar når dei faste redaktørane er ute i permisjon. Vi meiner at forfattarane blir godt ivareteke på denne måten, og har bare fått gode tilbakemeldingar på dette.

Info – og marknad

– Forfattarane dykkar er ikkje heilt nøgde med salgs og marknadsarbeidet dykkar heller. Kva seier dette om Samlaget?

– Her seier undersøkinga at vi gjer dei same tiltaka til marknadsføring som fleire av dei andre forlaga. For nokre tiltak, som til dømes lanseringsarrangement, blir vi for lågt rangert. Her veit vi at vi er blant dei forlaga som gjennomfører flest arrangement. Likevel er forfattarane våre mest misnøgde. Kanskje er vi ikkje gode nok til å synleggjere kva vi faktisk gjer av marknadsføring? Her er det jo også eit element av at ikkje alt vi prøver på lykkast, fordi det er marknaden som i siste instans avgjer. Undersøkinga går ikkje mykje inn på pressearbeid, som er ein svært viktig kanal for skjønnlitteraturen. Det kunne vore med å nyansert bildet.

– Kva betyr det for Samlaget at de får statsstøtte?

– Staten gir Samlaget statstøtte fordi forlaget som det einaste i landet har teke på seg oppdraget med å syte for at det kjem ut litteratur i alle sjangrar og for alle målgrupper på nynorsk. Det er vårt fundament og vår oppgåve, og dermed er statstøtta ein viktig del av fundamentet. Med statsstøtta kan vi konkurrere på like vilkår med dei andre forlaga.

– Korleis vil du vekte forholdet ”børs” og ”katedral” hos Samlaget – i motsetnad til andre forlag?

– Samlaget er ikkje eit nisjeforlag, det ligg i oppdraget vårt at vi skal vere eit heildekkjande forlag. Breidda tyder at vi skal ha bøker på mange område, for flest mogleg lesarar. Vi satsar ikkje svært einsidig på nokre få område som kanskje er mest lønsame her og no. Dermed kan du gjerne seie at vi er meir ”katedral” i høve til andre forlag på vår storleik. I høve til dei tre største forlaga i Noreg derimot, vil eg seie at profilen er ganske lik, sidan dei også satsar langsiktig på skjønnlitteratur og er breiddeforlag.

– Til slutt, eit viktig spørsmål: Korleis kjem de til å forholde dykk til desse resultata?

– Det er klart at vi skal bruke dette aktivt til å forbetre oss på dei områda der det er behov for det. Men før vi sett i gang fleire tiltak må vi gå djupare inn i desse svara på ulike måtar, seier Margit Walsø.