Samlagsprisen til Bildøen

"Stilsikker, kompleks og utfordrande" er nokre av adjektiva som blir brukte om Brit Bildøens tjueårige forfattarskap. Når Samlaget har årsmøtet sitt på torsdag, får ho…

"Stilsikker, kompleks og utfordrande" er nokre av adjektiva som blir brukte om Brit Bildøens tjueårige forfattarskap. Når Samlaget har årsmøtet sitt på torsdag, får ho endeleg Samlagsprisen. Det er då tjue år sidan ho debuterte med boka Bilde av menn. Og viss alt går etter planen, kjem snart romanen om Adam Hiorths veg, ei bok ho har jobba på i fem år.

Samlagsprisen er på 50 000 og blir kvart år delt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. Blant tidlegare vinnarar kan ein nemne Helge Torvund, Ragnar Hovland, Helga Eriksen og Jon Fosse. I år besto juryen av David Aasen, Øystein Orten og Linn T. Sunne. I år valte dei altså Brit Bildøen, som er fødd i 1962, er frå Aukra i Romsdal, og er utdanna bibliotekar. Bildøen har jobba med bokstoff for avisa Morgenbladet, men skriv no på fulltid.

– Du har tidlegare også fått Nynorsk Litteraturpris, og Sunnmørsprisen. Kva betyr det for deg å få nettopp denne prisen.

– Det betyr mykje for meg å få Samlagsprisen. Eg har 20-årsjubileum som forfattar i år, og har gitt ut alle dei 12 bøkene mine på Samlaget. Det betyr at Samlaget har vore eit bra forlag for meg. Eg håper prisen er eit uttrykk for at eg har vore ei bra investering for forlaget også!

– Kvar går forfattarskapen no?

– Eg er freista til å fortsetje å gå framover i alle retningar. For eg likar å skrive forskjellige ting og har mange planar, men no jobbar eg på for å få ferdig ein roman eg har skrive på i fem år. Den kjem ut til hausten, med tittelen "Adam Hiorths veg". Hovudpersonen er ein eldre idealist og miljøvernar, Jon Utskott, som syklar tvers over Norge kvar sommar for å spreie sin heller nedslåande bodskap. Den unge dokumentarfilmskaparen Adam Hiorth vil lage film om miljøkjempa, og klarer å mase seg med på sykkelturen.

– Dette høyres stort og artig ut, og kanskje, for å bruke eit omgrep du sjølv brukte om litteratur ein gong, litt "stormannsgalt"?

– Ja, det er ein slags pastisj over Don Quijote. Og, ja, med dette etterlever eg mi eiga oppfordring til kvinnelege forfattarar om å vere meir stormannsgalne! seier Bildøen.

Samlagsjuryen skildrar Bildøens forfattarskap på denne måten: "Ein forfattarskap som også er kjenneteikna av å vere allsidig og overraskande: Bildøen har gitt ut både barnebøker, lettlesbøker, essay, artiklar, dikt, prosa og romanar, og ho har også gjendikta og omsett. Og fellesnemnaren i både dei smale diktsamlingane og dei breie bokklubbøkene er alltid det same: kvalitet. Bildøen har vore med på å prege norsk litteratur dei siste 20 åra, sidan debuten i 1991."
"Vi kan ta tak i lysmetaforikken i Mitt milde vesen og seie at Bildøen som forfattar og konsulent arbeider med opplysing: Ho er ein folkeopplysar og ein litterær oppdragar. Med essaysamlinga Litterær Salong frå 2009 ville Bildøen synleggjere forfattarskapar eller delar av forfattarskapar som ho meinte fortente fleire lesarar eller betre lesingar. Boka rettar fokuset mot kvinnelege forfattarar og den manglande anerkjenninga dei ofte får for arbeidet sitt. Boka fekk stor merksemd i media, Bildøens tema blei drøfta vidare, og i året som følgde, deltok ho i mange intervju og paneldebattar med utgangspunkt i boka si."