Scener om språk

Ka, Iolanta? Språk er eit tema på Trønderske scener i november, skal ein døme på grunnlag av Trøndelag Teater og årets opera hos Trondheim Symfoniorkester….

iolanta

Ka, Iolanta?

Språk er eit tema på Trønderske scener i november, skal ein døme på grunnlag av Trøndelag Teater og årets opera hos Trondheim Symfoniorkester. På Trøndelag Teater speler dei Fuglane av Tarjei Vesaas. Det har møtt blanda kritikk: veldig god kritikk frå lokalpressa, og blanda frå hovudstaden. Ein av dei tinga som har vore diskutert, er nynorsken. Dei fleste snakkar visst ein nynorsk som ligg nært verdalsdialekta. Tilreistande til bygda snakkar ein meir normert nynorsk. Det har vi høyrt, men ikkje sett. Stykket er populært, og vi har fått billettar til forestilling om ei vekes tid. Spørsmålet vi då kjem til å stille oss, er: Kva ville Tarjei Vesaas ha sagt til den språklege adapsjonen? Og i det heile tatt: kva skjer når ein tar Vesaas til scena?

Men årets opera, den har vi sett. Premieren var i går kveld i Olavshallen, med Trondheim Symfoniorkester i grava, lokale sangarar i koret, og russiske vokalistar. Stykket heiter Iolanta, og hadde "syn" som bærande metafor. Det handlar om å vere blind, om å vere overbeskytta av ein far, og ikkje få sjansen til å erfare t.d. kjærleik. Kjærleiken kjem til slutt, og opnar augene til Iolanta. Som ved operahusa i London, var dei russiske replikane teksta til norsk, og prosjektert over scena. Eg merker meg nokre store linjer:

Skapelsens vidunderlige førstefødte, den vakreste perlen i guds spekter.

Kom ut av materiens mørke, og bli lyst opp av begjær!

På russisk er rytma meir taktfast, og lyden av det enno flottare. Det gir meg tankar om "Dancer in the Dark". Filmen blei laga av Lars Von Trier, med Björk Gudmundsdottir, musikaren, i hovudrolla. "Selma", som karakteren hennar heit, laga musikk frå lyd. Eg tykkjer at operaen Olianta gjer russisk til eit uvanleg skjørt og vakkert språk. Men alle har ikkje vore så nøgde me at det var russarar i alle hovudrollane i denne store oppsettinga. Dirigenten for Symfoniorkesteret kåserte humoristisk, og tydeleg letta, over dette i kantina deira etter forestillinga. Då hadde dei nemleg fått stadfesting, i form av applaus som nesten ingen ende ville ta, om at stykket var velykka: 

– Det har vore skriving på twitter og i avisene om at vi absolutt skulle ha russiske vokalistar i rollane. Men for oss som jobba med dette, var valget enkelt. For oss var nummer ein å ha hovudrollehavarar som kunne språket, sa han, og gav sin tolkning av kva som var underteksten i operateksten:

– Om å vere sjåande, og likevel ikkje sjå verda. Om å vere blind, og sjå verda. Og om den måten som den blinde virkeleg ser verda på, når sjukdommen hennar er kurert. Underteiknande var mest nysgjerrig på korleis ho skulle lese symfonimusikken, og operavokalen. For ein som stort sett jobbar med ord og tekst, var eg kanskje litt som ein blind i høve det musikalske språket, men som virkeleg gjorde ein innsats for å forstå. Operaen blir også spelt i morgon, laurdag. "Fuglane" blir spelt i den gamle salen på Trøndelag Teater til den 18. desember.