Sigmund Løvåsen fekk Bjørnsonstipendet for 2010

Førre veka kunne vi melde at leiaren i DnF, Anne Oterholm, vann Aschehougprisen for 2010. I dag fekk vi vite at nestleiaren i DnF, Sigmund…

Førre veka kunne vi melde at leiaren i DnF, Anne Oterholm, vann
Aschehougprisen for 2010. I dag fekk vi vite at nestleiaren i DnF,
Sigmund Løvåsen, fekk Bjørnsonstipendet for 2010. Gratulere til han
også!

 

Sigmund Løvåsen (33) debuterte skjønnlitterært med romanen "Nyryddinga" i 2003, på Det
Norske Samlaget
. For den fekk han Tarjei Vesaas Debutantpris. Bjørnsonstipendet blir gitt ut av Bokhandlerforeningen, og er ein pengepris på 15000 kroner. Prisen må ikkje bli forveksla med Forfatternes Bokhandlerstipend. Prisen blei delt ut 31. august 2010. På same tid i fjor fekk Inger Bråtveit prisen, og året før det, Vemund Solheim Ådland. Prisen blei gitt ut for første gongen i 1997.