Sit på krateret av vulkanen

– Dette handlar om innsirkling. Vi kan aldri komme til kjernen av mørkets hjarte. Men vi kan sitje på krateret av vulkanen, seier Hilde Østby…

– Dette handlar om innsirkling. Vi kan aldri komme til kjernen av mørkets hjarte. Men vi kan sitje på krateret av vulkanen, seier Hilde Østby frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening i forkant av eit fellesmøte mellom forfattarorganisasjonane.

Eit av menneska bak DnF og NFFs fellesmøte neste torsdag heiter Hilde Østby og er informasjonsansvarleg for NFF, og har den daglege arbeidsplassen sin i Uranienborggata 2. Ho er ein av pådrivarane for fellesmøtet mellom DnF og NFF den 20. oktober i år. Tema er språkbruk og 22/7. Metoden er framlegg frå forfattarar, og sjølvsagt dialog. Open dialog. På Åpent Bakeri blir det snakka frå annakvart bord. Ei scene i filmen Oslo 31. august blei tatt opp her. Ei scene med mange dialogar, det også. Midt i alt sitt Andreas, ein tidlegare heroinist, og får mellom anna med seg ei jente som les opp ei liste over ting som gjer livet verdt å leve. Trass alt. 
– Når det verkeleg skjer noko forferdeleg blir alle dei store orda meiningslause. Dei banaliserar og gjer ting mindre. Difor skreiv VG bare "80 døde", ikkje anna. Det same skjedde etter 11. september, sjølv om det var feil tal; "10 000 døde". No har sjokket lagt seg i Noreg. Ein forsøker å skandalisere dette opp att med sjokkoppslag, "Anders Behring Breivik frå cella" og anna i den duren. Ein forsøker å narrativisere noko som ikkje kan bli narrativisert. Ein må kunne sjå på denne hendinga utan alle dei adjektiva. Kva står att då? Store katastrofar er vanskelege å narrativisere før det har gått ei viss tid. Det er skjønnlitteraturen og sakprosaen sitt ansvar å gå til den staden og forsøke noko anna enn sjokk-skildringa. Ein såg det også i samfunnet elles rett etterpå. Ein hadde eit ønske om meining og forståing. Å finne meining og skape meining der kor det verkar meiningslaust. Det varte rett nok bare nokre veker. 
– Men no skal medlemer i DnF og NFF møtast og ta opp denne tråden. I fellesskap. 
– Fordi det er noko så djupt emosjonelt, vil sakprosa og skjønnlitteratur utfylle kvarandre perfekt. Det kjenslemessige kan bli behandla i skjønnlitteraturen. Sakprosaen kan forsøke å forstå samfunnsfaktorane omkring, og kontekstualisere alt. Eg synest at nokre journalistar er litt for arrogante i kva dei trur at dei kan avdekke i reportasjane sine. Dette handlar om innsirkling. Vi kan aldri komme til kjernen av mørkets hjarte. Men vi kan sitje på krateret av vulkanen. Vi kjem ikkje ned i han. Det trur eg at desse forfattarane våre er audmjuke i forhold til. 
– Dei skjønnlitterære og dei sakprosaiske. Og alle er dei vel ei blanding av dei to, og har tilgjenge på heile verktøykassa. 
– Dei beste forfattarane har begge delar i seg. Sakprosaen og skjønnlitteraturen er den rette plassen for å finne og skape meining etter 22/7. Og å gjere noko anna enn det som ein ser i den mindre heldige handsaminga av røynda. Eg høyrte på Kulturnytt på P2 om ein spekulativ film som har blitt laga om Utøya. Det ligg ein trailer på youtube. Ein har brukt sterke verkemiddel, mykje dramatisering.  Å dramatisere dette for mykje skapar for min del ein stor motvilje. Det er det motsette av å forstå. Det er å skape eventyr av det. 
– Då Kate Pendry skulle dramatisere Sarah Kanes Blasted, så valte ho å avdramatisere det. Slik tolka eg det i alle fall. Manus var veldig dramatisk, med barnedød, kannibalisme, krig, voldtekt. Men ikkje noko av dette blei spelt. Sterke scenetilvisingar blei bare lese opp. Bilda var i hovudet mitt i mange veker etterpå. 
– Eg såg det eg også. Det var heilt nede. Ingen store fakter eller gestar. Alle eg kjente som var der syntest det var veldig minneverdig. 
Alle medlemmer av DnF og NFF er hjarteleg velkomne til arrangementet «Når ord blir fattige» med lyrikar Ingvild Burkey og sakprosaforfattar Erika Fatland. Samtalen blir styrt av litteraturprofessor Drude von der Fehr.
Når: Torsdag 20. oktober kl 19.30-21.30, dørene opnar kl 19.00
Kvar: Uranienborgveien 2, inngang Parkveien. (Eit steinkast frå Litteraturhuset.)
Enkel servering (kun kontant betaling)
Gratis adgang!