- Innlegget står på trykk i Dagbladet tirsdag 22. oktober: http://www.dagbladet.no/2013/
10/22/kultur/meninger/ debattinnlegg/kronikk/debatt/ 29908101/
1. Synleggjer mangfaldet
Norske bokhandlarar kan med enkle grep synleggjere eit større utval bøker. Kva med å legge eit par mindre kjente bøker innimellom norske og utanlandske bestseljarar ved kassa? Kva med å fronte to nye diktsamlingar kvar månad i eit eige stativ eller i vindauget? Mange bøker blir i dag ikkje synlege før dei hamnar i tikroners-korga på fortauet.
2. Ikkje undervurder bokhandlartilsette
Vi får tilbakemeldingar frå bokhandlarar som kjenner seg undervurderte av forlaga. Bokhandlarar melder om at forlag i presentasjonen av årets bøker i for stor grad løftar fram allereie godt kjente forfattarskap. Bokhandlarar treng informasjon om nye og meir ukjente forfattarskap for å kunne formidle dei vidare til lesarane. Forlaga må i større grad bruke informasjonsmøte og -materiell til å presentere mangfaldet i litteraturen.
3. Ikkje undervurder lesaren
Vi får tilbakemeldingar frå lesarar som kjenner seg undervurderte av bokhandlarane. Bokhandlarar må i større grad bruke den mulegheita dei har til også å tilrå andre bøker og forfattarskap enn dei som ligg i stablar ved inngangspartiet. Ein lesar kjøper ikkje ei bok han eller ho ikkje ser eller ikkje veit om.
4. Marknadsstøtte til breiddeformidling
Forlaga gir kvart år støtte til enkeltbokhandlarar eller kjeder for ekstra marknadsføring og eksponering av enkelte titlar. Kvifor kan ikkje forlaga i større grad nytte slik støtte til eksponering av eit breiare utval? Bokhandelen må vere open for å inngå slikt samarbeid også for mindre kjente bøker og forfattarskap. Treng éin enkelt tittel eit heilt utstillingsvindauge, eller er det plass til tre eller fire ulike titlar?
5. Tenk breiddeformidling også i netthandel
Enkelte netthandlar reklamerer i sine nyheitsbrev nesten utelukkande med (låg) pris, særleg når det gjeld e-bøker. ”Tidenes tilbudsfest!”, ”Fyll e-bokhyllen med bøker fra 29,-”, ”Påskekrim fra 29,-”. Flott med rimelege bøker til lesarane, men kva med å bruke nyheitsbreva som går ut til mange tusen kundar, til å reklamere med tilbod samtidig som ein visar fram ein større del av det som finst i den norske litteraturen? Det er enkelt, og det er billig. Legg inn tekst og bilde og trykk på send. Det er vanskeleg for oss og boklesarane å forstå kvifor det ikkje blir gjort.
6. God formidling også av e-bøker
Sal av e-bøker er i enda større grad enn papirboksalet spissa mot relativt høge salstal av eit fåtal titlar. Det er ikkje noko gale i at enkelte titlar har høge salstal. Men i kampen om e-bokmarknaden er vi redde for at breiddeformidling står langt nede på agendaen. Det kan gi kortsiktig økonomisk og politisk gevinst, men vil på sikt svekke litteraturen og med det også svekke e-bokhandelens framtid. Biblioteka presenterer no gode løysingar for utlån av e-bøker der du blir møtt med kjende og ukjende, godtseljande og liteseljande forfattarar og bøker side om side. Kor er fanen i e-bokhandelen som gir deg det same oversynet over den norske samtidslitteraturen? Korleis vil e-bokhandelen vere med på å løfte fram bøkene som er med i abonnementsordningane? E-bokhandelen må ikkje bli ei verksemd som ikkje tar kulturansvar, slik resten av bokbransjen meiner å ta.
7. Styrk abonnementsordningane
Gjennom desse ordningane forpliktar bokhandlarar seg til å ta inn minst eitt eksemplar av bøkene som blir kjøpt inn til biblioteka gjennom Kulturrådet si innkjøpsordning. Talet på bokhandlarar som har abonnement, har gått ned dei siste åra. Forlaga har ikkje eit godt system for å informere bokhandlarane om bøkene. Bokhandlarane er ikkje gode nok til å formidle bøkene i ordninga. Synleggjer bøkene og få opp talet på bokhandlar med abonnement!