Skjønt og sakleg

Korleis finne eit språk for katastrofen? Etter Utøya og bomba i regjeringskvartalet inviterer DnF og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening til eit sjangeroverskridande møte for…

Korleis finne eit språk for katastrofen? Etter Utøya og bomba i regjeringskvartalet inviterer DnF og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening til eit sjangeroverskridande møte for forfattarar. Både skjønnlitterære og sakprosaforfattarar kan delta på dette seminaret, som skjer den 20. oktober, og vil ha innleiarar frå begge foreiningane. Møtet er forma rundt ei samtale mellom Ingvild Burkey og Erika Fatland. Litteraturprofessor Drude von der Fehr vil leie samtala. 

Bakgrunnen for dette møtet mellom sakprosa og skjønnlitteratur går tilbake eit års tid, då to sakprosaforfattarar søkte om medlemsskap i DnF. Søknaden vart ikkje behandla av Det litterære råd, men avslått på prinsipielt grunnlag.  Konsekvensen var avisskriving og debatt. Vedtektene til DnF nemner jo ikkje skjønnlitteratur eller det skjønnlitterære, men litteratur og det litterære. DnF har no gjort ei utreiing som ser på organisatoriske forhold ein må ta særleg omsyn til om det blir opna for sakprosaistar.

Denne utreeinga konkluderer: ”Dersom DnF åpner for sakprosaforfattere som medlemmer, må det legges til grunn at det vil kreve nye ressurser til både sekretariatet og til Rådet. Selv om en forventer at det er et mindre antall sakprosaforfattere som faktisk vil kvalifisere til DnF-medlemskap, vil alle NFF-medlemmer og andre få rett til å søke om medlemskap i Forfatterforeningen samt søke bistand fra sekretariatet. I overskuelig framtid er det vanskelig å se for seg at DnFs inntekter vil kunne øke i vesentlig grad. En må også forutsette at det vil ta tid til å bygge kompetanse, framforhandle løsninger med NFF og utvikle nåværende institusjoner og stipender.”

Styret i DnF tok opp utreiinga på førre styremøte. Styret stør rapporten, og konkluderer med at ordninga med to foreiningar fungerer godt. Vi ønskjer sjølvsagt framleis å samarbeide med NFF om saker som t.d. boklov.” Vi håpar på at det kan bli felles arena og møteplassar for skjønnlitterære og sakprosaforfattarar. Der kan forfattarar frå to ulike interesseorganisasjonar diskutere saker som dei har til felles. Det første av desse kontaktpunkta blir altså frå halv åtte om kvelden den 20. oktober, i NFFs lokaler i Uranienborgveien 2. Vel møtt!