Skriverommet

I «Skriverommet» deler DnF-medlemer bilete av der dei skriv og nokon tankar om skriveprosessen. I dag: Charlotte Riise.

Kor skriv du?

Eg har ingen eigen arbeidsplass. Som regel sit eg ved spisebordet heime. Der skriv eg mellom Lego og småperler, teikningar og lekser. Akkurat i dag har eg rydda – det er berre eit performativt spel for galleriet. I kvardagen er det kaos.

Før var eg opptatt av det måtte vere ryddig rundt meg for å kunne skrive, men no har eg for mange andre roller i livet til å bry meg med slikt. 

Når skriv du?

Sidan eg jobbar som lærar, er skrivepraksisen min delt i ulike sesongar. I sommarmånadane kan eg skrive på morgonen, som er det eg likar aller best. I det vanlege, resten av året, skriv eg på kveldstid.

Eg er medlem av London Writers’ Salon, og loggar meg på for stille skriving i fellesskap over Zoom nokre dagar i veka. Det blir som ein avtale å dukke opp til og gir meg 50 minutt med konsentrert skriving etter ungane har lagt seg. 

Kva treng du for å skriva?

I utgangspunktet treng eg berre notatboka og skrivepennen min for å skrive. Eg er snobb og skriv med fyllepenn, og har ein eigen farge til skrivinga mi. Før barn og fast jobb, hadde eg alle slags krav til miljøet rundt meg mens eg skreiv. Det avgjerande no er at eg skriv, at eg tenker at det ikkje eigentleg handlar om tid eller ro, men kontinuitet. 

Kva gjer du når du står fast i skrivinga?

Det meste er motgift mot å stå fast i eigen tekst. Ofte les eg i andre forfattarar sine bøker. Kviler i orda deira, studerer handverket. Ei bok som alltid kjem fram, er Rune Christiansen samlede dikt. Eg har bokhyllene like ved og kan blafre i mykje om eg har lyst. Mange av tekstane mine blir også til mens eg går tur.

Korleis veit du at ein tekst er ferdig?

Eg trur ikkje ein nokon gong blir ferdig med tekstane – og i poesi handlar det så mykje om kva ein tar vekk framfor det ein legg til. Er eg aleine om å tenke at det er godt å ha ein redaktør som seier «no er det ferdig»? 

Likevel kan eg merke ein form for distanse når ein tekst er «ferdig». Det er som om teksten ikkje lenger er meg; eg har ikkje meir å seie.

Vil du bidra til Skriverommet? Send bilete av der du skriv, og svar på spørsmåla over til post@forfatterforeningen.no.