Skriverommet

I «Skriverommet» deler DnF-medlemmer bilder av der de skriver og noen tanker om skriveprosessen. I dag: Heidi Furre.

Kor skriv du?

Ofte i notatfunksjonen på telefonen min. Der noterar eg ting like før eg sovnar om kvelden eller hvis eg er ute og syklar, og må stoppe for å notere ein idé. Hvis eg har ein meir strukturert skrivedag, skriv eg inne på heimekontoret mitt eller ved spisebordet. Akkurat no er eg ekstremt gravid, og skriv gjerne i senga. Då eg budde i Oslo, satt eg nesten alltid på Nasjonalbiblioteket. Mellom 2011 og 2019 var eg der fleire gongar i veka, innimellom saknar eg den rutinen.

Det tok meg litt tid å bli glad i heimekontoret mitt. Eg delar det med mannen min, og vi tørkar også klær der inne. Det er ikkje akkurat zen-stemning med ubretta klesvask, gamingutstyr og ulike Duploprosjekt barna har gåande. Men det må eg berre ignorere og prøve å tenke på at det er fin utsikt. Eg ser ut mot felleshagen i sameiet, og det kjem nesten alltid eit ekorn eg kan følge med på.

Eg pleier å tenke at man må velge mellom å skrive roman eller bli ein slags klesvask-kunstnar. Kva velger du i dag? Romanen, så klart. Dessutan fins det utruleg mange flinke klesvask-kunstnarar der ute. Tøyet kan eg stappe ned i skuffene på kvelden, når hjernen er tom og sliten.

Når skriv du?

Helst når det er lyst ute. Men så lenge eg har bestemt meg for å skrive, kan eg skrive når som helst. 

Kva treng du for å skrive?

At ingen står over skuldra mi og ser. Det er uaktuelt. Ein gong opplevde eg at nokon stod bak meg i eit kafévindu og spionerte på det eg gjorde på skjermen, det hata eg. Før trudde eg at søvn var veldig viktig for at eg kunne skrive, men eg har hatt fine skrivedagar i heile graviditeten sjølv om eg ikkje sove godt sidan september. Så det med søvn er kanskje ikkje så viktig likevel. Dei siste sju åra har eg brukt Scrivener som skriveprogram. 

Kva gjer du når du står fast i skrivinga?

Dette veit eg egentlig veldig godt, men eg gløymer det kvar dag. Hvis eg står fast er det berre å gå ut døra, så kjem alle idéane. Gå ut i verda, så ordnar alt seg. Dette gjeld meir enn skriving, ta det som eit livsstilsråd frå meg til deg.

Korleis veit du at ein tekst er ferdig?

Mot slutten av eit prosjekt pleier eg å leite etter tomrom i teksten. Eg blir mett på teksten og vil ikkje ha meir med den å gjere. Men dette forandrar seg litt frå roman til roman, det er litt nytt kvar gong.

Vil du bidra til Skriverommet? Send bilder av der du skriver, samt svar på spørsmålene over til post@forfatterforeningen.no.