Skriverommet

I «Skriverommet» deler DnF-medlemmer bilete av der dei skriv og nokon tankar om skriveprosessen. I dag: Øystein Hauge.

Kor skriv du?

Vanlegvis i eit lite krypinn av ei hytte eg har ute i hagen. Ei åtte kvadratmeter stor hytte med plass til ein skrivepult, noen bøker og ein lenestol eg kan bytte til når eg treng ei pause frå skrivinga. Kanskje også dubbe av fem minutt. Frå hytta ser eg mot eit plommetre, drivhuset vårt og bak der igjen noen romsdalske fjell. Ei hytte med grønmåla tregolv der eg kan sitte god og varm i sokkelesten attmed det blå skrivebordet. Med ei sjøllaga bokhylle i armlengs avstand.

Så hender det jo også at eg reiser bort for å skrive. Mellom anna har eg lånt leiligheten til Forfatterforeningen i eit par gonger. Berlin. Har planar om ein tur dit i haust igjen. Om det ikkje er andres tur først, då.

Når skriv du?

Eg starter den første skriveøkta mi tidleg. I god tid før sju. I alle fall. To-tre timar med alfabetet. Så tur med hunden. Og kanskje det blir litt lesing etterpå. Men dagen begynner jo ofte med å stryke ting frå dagen før. Så då må det også bli ei ettermiddagsøkt, skal det bli noe skikk på det. Eg har etterkvart lært meg at dette kanskje er den viktigaste delen av skrivelivet mitt; Å evne stryke ting.

Gjennom femten år jobba eg med kultur i fengsel. Men no er det snart seks år sia eg låste meg ut av prisonen for siste gong. Slik er det at eg no har heile dagen til skriving. Om eg vil.

Kva treng du for å skrive?

Nesten ingenting. Eller veldig lite. Den minste kaffimaskina som er å oppdrive her i verden attmed meg på pulten. Ein svart Pilot Fineliner. Og ei gul lita notisbok når eg beveger meg utanfor heimen. Går i skogen. Er ute med hunden og slikt. Og eg treng verken radio eller Spotify. Eller rettare; eg må ha det heilt stilt rundt meg når eg skriv. 

Kva gjer du når du står fast i skrivinga?

Då setter eg med i den røde lenestolen eg såvidt fekk inn gjennom den tronge døra her. Eller tar ein lang tur med hunden Sara, som er ein puddel og som elles ligg attmed meg heile dagen. Men sant å seie hender det vel nesten aldri at eg står heilt fast i skrivinga mi. At eg får såkalla writers block. Veit ikkje kor vanleg det er for folk som skriv poesi. Og om eg ikkje skulle komme vidare i eit dikt eller ein kortprosatekst ein dag, legg eg han berre frå meg og begynner på noko heilt anna.

Eller eg kviler litt i andres tekstar. Set meg til å lese. Som i denne boka her (løfter opp Paal-Helge Haugens Blad frå ein austleg hage). Ei bok eg har hatt med meg gjennom alle år. Og det var gjennom poeten Paal-Helge Haugen eg også møtte haikupoesien. Det korthogde diktet.

Korleis veit du at ein tekst er ferdig?

Eg tenker aldri om ein litterær tekst at han nokon gong kan bli heilt ferdig. Eg liker sjølv å lese tekstar med eit litt «uferdig» preg over seg, om du forstår kva eg meiner. Men eg må alltid lese dikta mine høgt for meg sjøl både ti og tjue gonger, før eg slepp dei ut på lesarane. Før eg kan seie meg nøgd.

Italo Calvino har jo sagt poesi er kunsten å få plass til havet i eit lite glas. Som du forstår. Vi har ein jobb å gjere!

Vil du bidra til Skriverommet? Send bilete av der du skriv, og svar på spørsmåla over til post@forfatterforeningen.no.