Skriverommet

I «Skriverommet» deler DnF-medlemmer bilete av der dei skriv og nokon tankar om skriveprosessen. I dag: Ingrid Z. Aanestad.

Kor skriv du?

I det daglege skriv eg ved kjøkkenbordet der eg bur på Tøyen og på eit skriverom eg leiger fem minutt unna. Som regel har eg ei morgonøkt på kjøkkenet før frukost. Dei dagane eg ikkje har anna jobb (oftast undervisning), går eg til skriverommet.

Det ligg i eit gammalt og vennleg trehus, og i romma rundt meg jobbar to biletkunstnarar, ein performancekunstnar og to kunstformidlarar. Eg liker å kjenna summinga av andre si jobbing, at det hender noko rundt meg. Frå skrivebordet ser eg ut på eit kirsebærtre. Medan eg skriv dette, snør det, men knoppane har begynt å bli store. 

Ofte drøymer eg om at skrivinga skal ta meg med ut på reise, på eventyr, til vakre skrivestader. Det hender at eg søkjer om arbeidsopphald eller t.d. leiger eit hus ved havet, men 99% av skrivinga skjer på heilt vanlege dagar.

Når skriv du?

Eg skriv helst om morgonen og føremiddagen. 

Kva treng du for å skriva?

Her er eg frista til å lista opp: kaffi, eit ryddig bord, eit relativt rolig indre etc. Men når det kjem til stykket treng eg berre meg sjølv og ei form for skrivereiskap.

Foto: Anniken C. Mohr

Kva gjer du når du står fast i skrivinga?

Eg let tida gå. Ser ein film, les ei bok, går ein tur, snakkar med nokon eg stolar på, jobbar med andre ting. Prøver å ha tillit til at arbeidet skjer, også i det stille og knapt synlege. Eg har forresten også ein teknikk som har fungert godt ved fleire høve: Å skriva ein artikkel eller eit essay om ei bok eller ein forfattarskap som interesserer meg.

Ofte har det vist seg at det som interesserer meg i andre si skrift har noko med den knuten eg sjølv prøver å løysa å gjera. Ei form for indirekte problemløysing som dessutan har den fordelen at eg får gjera ein tekst ferdig. Å skriva ein roman tek lang tid, og noko av jobben er rett og slett å halda ut å ikkje få tilbakemeldingar og heiarop og umiddelbar tilfredsstilling på dagleg basis.

Foto: Anniken C. Mohr

Korleis veit du at ein tekst er ferdig?

Det er nærmast ei fysisk kjensle, ei lette. Eg får lyst til å gråta eller le. Men som alle forfattarar veit; at ein tekst er ferdig betyr ikkje at han er ferdig. Det er alltid ein runde til. Redaktøren sine merknader, språkvask, korrektur osv. Når boka kjem ut, er kjensla av å vera ferdig veldig fjern, i alle fall for meg. Då er eg ein annan stad.

Vil du bidra til Skriverommet? Send bilete av der du skriv, og svar på spørsmåla over til post@forfatterforeningen.no.