Søndagslyrikar Lyster

Ganske nøyaktig ti år har gått sia Aftenpostens journalist tilfeldigvis plukka ut Janne-Camilla Lyster og far hennar som intervjuobjekt i ei konsertkø. Konserten: Bob Dylan….

Janne-Camilla Lyster © Gina Temte

Ganske nøyaktig ti år har gått sia Aftenpostens journalist tilfeldigvis plukka ut Janne-Camilla Lyster og far hennar som intervjuobjekt i ei konsertkø. Konserten: Bob Dylan. Og Lysters kommentar til Aftenposten var då Då eg byrja å spele litt gitar, prøvde eg meg på nokre av songane hans og vart glad i tekstane. Eg er interessert i litteratur og poesi, og Dylan skriv bra dikt.

To år seinare gir Lyster ut den første diktsamlinga si, Øyeblikksarkiv på Tiden Norsk Forlag. No har det blitt tre bøker, den siste Jegeren kom i fjor. Ved sia av skrivinga har Lyster utdanna seg til kunstnar ved Khio, hadde frå 2008 eit toårig arbeidsstipend for yngre kunstnarar, og er i 2013 aktuell med fleire scenekunstprosjekt – mellom anna med dans på Dansens Hus og Dramatikkens Hus.