Språklege åndsfrendar

Alf Olavsen veks opp på husmannsplassen Prøysen, ikkje så langt frå husmannsplassen Russland. På folkehøgskulen er han ein ettertrakta husdiktar, som får kallenamnet Prøysekongen. Når…

© Mette Karlsvik

Alf Olavsen veks opp på husmannsplassen Prøysen, ikkje så langt frå husmannsplassen Russland. På folkehøgskulen er han ein ettertrakta husdiktar, som får kallenamnet Prøysekongen. Når han er 24 byttar Olavsen namn til Prøysen. Iver A. Aasen byttar også namn når han er gamal nok til å gjere det. Men det skal ha vore ein lærar, som holdt fram med å kalle Iver for Ivar. Ivar og Alf veks opp med 70 år mellom seg, og meir og mindre plass mellom seg – alt etter kor i landet Aasen befann seg. LIkevel deler dei det utenkelege at dei byttar namn, at dei begge snakkar pent heime, og landsmål når dei jobbar, og at dei skriv viser. Men dette er ikkje hovudgrunnen til at kristin Fridhtun gidd halde foredrag om kva Aasen og Prøysen har tilfelles. Det er eit djupt politisk prosjekt, meiner Fridthun, som forener forfattarane. 

Aasen reiser frå vestlandet til Ringeriket, og blir provosert over dei sosiale forskjellane. Han kan ikkje forstå eller godta at nokre få storbønder eig så mykje, og har makt over så mange husmenn. Rundt søtti år seinare skriv Prøysen Trost i taklampa, og lar ei kvinne få stemme. Han gir stemme til barn og skogsmus, til dei fattige og altså til kvinna, som er hovudpersonen. Han gjer narr av bokfolket som jåler seg til med alt for flotte omgrep, og av dei borgarlege, som flottar seg med materielle rekvisittar. 

Målbar er språk – eller litteraturrelaterte hendingar arrangert av Noregs Mållag. Følg med på Mållagets nettsider for meir informasjon. Og novemberbaren, i Kvernland, er eit stykke inspirert framlegg; forfattarane som Kristin Fridtun snakkar om kan ha vore åndsfrendar. Ho tenkjer sjølv på dei som heltar. Kanskje som åndsfredar?

Det er berre eitt problem med det heile. Lokalitetane. Teikningane på veggen er for gode. Forfattarportretta til Steffen Kvernhald held seg for godt. Det er vanskeleg å halde auga frå ørneblikket til Jon Fosse, eller frå Kjell Askildsen. Askildsen, som ein gong skreiv ei skillingsvise. Tonsett av Lars Klevstrand, og eit brot med forfattarskapen hans forøvrig. Fridtun snakkar samstundes om visene til Aasen og Prøysen, og ulikskapen i forma. Prøysens var "sprelske" og braut med forma, fortel Fridtun. "Systemnerden Aasen", derimot, skreiv formbunde, og meir føreseieleg.