Til vanleg, omlag ein gong i månaden, inviterer Him-Jensen, Anngjerd Rustand og Cecilie Almberg Størkson til stille morgonskriving i kaféen på Hordaland kunstsenter i Bergen.
Opplegget er enkelt: Dei som vil kan delta på ei skriveøkt i stillheit, i fellesskap med andre skrivande. Økta finn stad tidleg på morgonen.
Kva ein vil skrive på er opp til ein sjølv, det blir ikkje lagt opp til at materialet skal delast med andre i løpet av arrangementet. Det einaste ein treng å ta med seg er eigne skriveverktøy. Stille morgonskriving er for alle som har ein skrivepraksis – aktiv eller slumrande – eller ønsker å etablere ein.
Lisa, Anngjerd og Cecilie har ei skrivegruppe saman, og dei jobbar alle med kunst i tillegg til å vere forfattarar. Dei ønska å gjere noko for miljøet dei er ein del av, og slik blei den stille morgonskrivinga til, hausten 2024. Konseptet er mellom anna inspirert av arrangementrekka «Radical reading and silent writing practice» som Eileen Myles inviterte til på Bergen Kunsthall våren 2019, og av Jiska Huizing sitt arrangement «Dawn listening session» på HKS sommaren 2024.
Arrangementet i Oslo vil finna stad på Litteraturhuset (Kverneland), laurdag 1. november frå 09.00 til 10.30 – i forkant av DnF sitt medlemsmøte. Alle skrivande er velkomne, også ikke-medlemmer!
Klikk her for Facebook-arrangement.