Aktuelt

Stipendopphold på Leveld Kunstnartun

Leveld Kunstnartun skriver: "Treng du arbeidsro, eller har du eit samarbeidsprosjekt saman med andre? Leveld Kunstnartun lyser ut gratis stipendopphald frå 1. september 2013. Stipenda…

cropped-kunstnartun_perspektiv-42

Leveld Kunstnartun skriver:

"Treng du arbeidsro, eller har du eit samarbeidsprosjekt saman med andre? Leveld Kunstnartun lyser ut gratis stipendopphald frå 1. september 2013. Stipenda er tiltenkt profesjonelle kunstnarar – biletkunstnarar, forfattarar, musikarar, skodespelarar og kulturarbeidarar mv. Eit vilkår er medlemskap i ein fagorganisasjon, eller tilsvarande fagleg dokumentasjon. Takka vere støtte frå Sparebank 1 Hallingdal-Valdres kan det søkast stipend på 3.000 kr pr. månad. Unge kunstnarar under 25 år blir oppfordra til å søke. Det er gratis bruk av verkstad og internett. Stipendiatane må sjølv ta med materiale, reiskap, instrument og laptop til eige bruk. Opphaldsperioden er normalt 1 månad, men både kortare og lengre opphald kan avtalast. Det er eit vilkår at stipendiatene under opphaldet formidlar sine prosjekt eller relatert emne lokalt etter nærare avtale. Opphald starter om sundagen, sluttar laurdag. Sjå full utlysning på www.kunstnartun.no eller nb-no.facebook.com/pages/Leveld-Kunstnartun/104724436303386    

Send søknaden til leveld.kunstnartun@gmail.com innan d. 20.6.2013. Den må innehalde: Personlege data: Namn, adresse, tlf. mob. mailadresse, fødselsår, ev. webside, facebookside, fagleg medlemskap. Informasjon om deg sjølv som kunstnar, forfattar mv. og kunstnarisk produksjon, CV. Vis gjerne til foto, video, lydfiler, ref. til publikasjonar, verk. Prosjektbeskrivelsen for arbeidet under opphaldet blir vektlagt ved utveljinga. Grunngi ønsket om stipend i Leveld Kunstnartun. Oppgi ønske om tidspunkt og lengde for opphald. Ver snill å oppgi om du er innstilt på å bu saman med andre kunstnarar i Lærerbustaden."