Aktuelt

Tarjei Vesaas Debutantpris til Helga Flatland

Tarjei Vesaas’ Debutantpris for 2011 går til debutromanen "Bli hvis du kan. Reis hvis du må" av Helga Flatland. Flatland er fra Telemark, kor også…

flatland

Tarjei Vesaas’ Debutantpris for 2011 går til debutromanen "Bli hvis du kan. Reis hvis du må" av Helga Flatland. Flatland er fra Telemark, kor også Tarjei Vesaas var fødd og vaksen opp. Etter tre år ved tekstforfattarlinja til Westerdals School of Communication og ein bachelorgrad i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo, gav ho ut boka på Aschehoug Forlag. For den har ho også fått Ungdommens Kritikerpris for 2011, og Aschehougs debutantstipend for 2010.


 

Stein Versto, leiar i Det litterære råd i DnF:


Grunngiving for tildelinga av Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2010

Då Tarjei Vesaas innstifta debutantprisen sin i 1964, ville han at prisen kvart år skulle gå til ein talentfull, ung debutant, helst ikkje over 30 år. Han mintest sjølv kor viktig det var med oppmuntring og støtte i den tidlege fasen av ein forfattarskap, og han hadde ein genuin sans for det litterære eksperimentet, nok også ein grunn til å rette fokuset mot dei unge.
Prisen går i år til ein romanforfattar, oppvaksen i heimfylket til Tarjei Vesaas.
Det er ei bok som på lågmælt og samstundes intenst og til tider urovekkjande vis tolkar den norske røyndomen anno 2010. Ei historie om oppveksten til tre unge gutar som dreg til Afghanistan som soldatar, og døyr der, fortalt ved to av dei, og med viktige utfyllande skildringar gitt av mor til den eine, og av ein nabo. Fire synsvinklar, to på nynorsk, to på bokmål; fire romanrøyster, tre i presens, ei i preteritum. Ein kvardagsnær stil som lèt oss koma tett på personane, med korte, repeterte innslag av eit heilt anna, rytmisk manande språk, der gutane er på veg inn i døden.
Vi møter først Tarjei, ein kjenslevar og noko farsdominert gut som kjempar for å finne sin eigen ståstad i tilværet, og som òg er prega av ei jaktulykke der han i vanvare skadar ein annan mann. Dernest naboen Jon Olav, som har ein son med eit homoseksuelt forhold til ein av dei tre gutane som døyr, og som opplever å sjå sin eigen familie gå i oppløysing som følgje av tragedien. Den tredje synsvinkelen er framstillinga til Karin, mor til Tarjei; denne er halden i preteritum og strekkjer seg heilt tilbake til hennar eigen barndom og blir, i kraft av dei grep forfattaren nyttar, Karins eige vitnemål om livet, om sitt liv og om livet til Tarjei og søstera, i lyset av døden. Det er enkle, truverdige riss av ein oppvekst i byen, det å flytje på landet med ein bondeson og etablere seg der, om barselsdepresjon, om nærleik og avstand i relasjonane til eigne barn.
Og det er til sist framstillinga til Trygve, som saman med Tarjei og den andre jamaldringen, Kristian, døyr i Afghanistan.
Eit sentralt underliggjande tema er grunnane, eller kanskje like rett: fråværet av grunnar for å dra til utlandet i teneste. Vi meir enn anar at både Tarjei og Trygve gjer det for å sleppe å ta stilling til viktige støytesteinar i sine eigne liv, at vervinga med andre ord er ei form for flukt. Her er ingen idealisme på vegner av fredssaka, ingen humanisme for den lidande sivilbefolkninga i Afghanistan; dei få innslag av prinsippielle grunngivingar framstår aller mest som tom retorikk. Og slik stiller forfattaren indirekte også spørsmålet om norsk mentalitet av i dag. Ho peikar på eit manglande etisk refleksjonsnivå. Sterkt blir dette fordi romanen er så sterk skjønnlitterært: Her talar ein forfattar som står til truande, som har noko på hjarta, og som med sjølvsagd autoritet etablerer ulike figurar, av båe kjønn og ulike aldrar. Det er gjort med innleving, tyngde og ein forteljande flyt som raskt vekkjer lesaren.
Av desse grunnane går Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2010 til Helga Flatland for romanen Bli hvis du kan. Reis hvis du må.