Tårn over nynorsk ordliste

  Kryp inn – litterære opplevingar i kø. Det er tittelen som initiativtakar Merethe Bratsberg Aae har gitt ein minifestival om nynorsk Nordmøre-litteratur denne helga….

© Mette Karlsvik

 

Kryp inn – litterære opplevingar i kø. Det er tittelen som initiativtakar Merethe Bratsberg Aae har gitt ein minifestival om nynorsk Nordmøre-litteratur denne helga. I sentrum står godt språk og dei mangslungne måtane å komme fram til dette på. Mens dette blir skrive, held Vidar Kvalshaug skrivekurs og Oddgeir Bruaset held foredrag. Tiger Garté er ein annan av forfattarane som gjestar byen. Alle som vil kan lese eigne tekstar på Open Scene. Den som kjem til biblioteket for dette eller hint, får også sjå dette boktårnet som kunstelevane ved Kristiansund Vidaregåande Skule har sett opp. Verket var sett opp i løpet av ein hektisk halvtime eller så i går, fredag. Likskapen til det bibelske Babels Tårn er kanskje ikkje tilfeldig. Babels Tårn var òg eit tårn fullt av forteljingar. Det figurerer mellom anna i første Moseboks 11. kapittel. Det handlar om korleis folk fekk ulike språk: I byrjinga skal alle ha snakka det same språket. Folket i Babel bygde eit tårn for å komme til himmelen. Gud gav dei då ulike språk slik at dei ikkje skjønte kvarandre. Det blei ball med bygginga. Tårnet blei ikkje ferdig. Men eit mangfald av uttrykksmåtar, det fekk dei.