Tekst/ musikk

Deerhoof Plateomslag

Stutte tekstbitar blir til låtar når Helge Torvund møter Bjørn Eidsvåg på Twitter. Korleis blir låtar til tekstbitar? Kva høyrer forfattarar på når dei skriv? Flamme Forlag har lenge kjørt serien "Litterært Soundtrack", kor aktuelle forfattarar fortel kva dei høyrer på. På den måten har vi lært at Carl-Frode Tiller liker Deerhoof, og Beate Grimsrud lyttar til hittar når ho sjølv prøver å skrive "ein hit". I den same saken, får vi også forklaringa på ei lynnedsla-forma sminke som Grimsrud lar seg avbilde med: Ho er David Bowie-fan!

At Bowie er forfattarane sin musikar, har vore ein av dei store
overraskingene denne vinteren. Det same namnet har gått att når
Aschehoug Forlag publiserr spelelister for Spotify kvar veke. Gjennom sosiale medier lar dei forfattarane sine publisere spelelister me favorittmusikk. Styremedlem i DnF, Tom Egeland, viste nye takter då han lista Queen, Jethro Tull og Guns’n’Roses – og nemnte David Bowie. Bowie var også på lista til Bjarte Breiteig, i lag med Leonard Cohen, Tom Waits og fleire.

 

Men kva med musikk å skrive til? Då vi, for nokre månadar sidan spurte venner om råd for skrivemusikk, fekk vi mellom anna desse svara:

Thomas Lundbo: "Prøv stille!"

Henning Bergsvåg: "Hva med god gammeldags Sakamoto og Fennesz-greier. Funker det."

Bibliotekar ved Trondheim Folkebibliotek, Stian Stakset: Brian Eno "Apollo", Steve Reich "Music for 18 Musicians, og Aphex Twin!

Andre tips: Jan Jelinek, Djivan Gasparian, Vladislav Delay, Pole, og Biosphere