Thommessen: – Avklar forfattarrolla!

Forfattarrolla blir revurdert. Igjen. Denne gongen er det kulturkomiteen i Stortinget som bestiller ein definisjon og ei rolleavklaring på kva forfattarrolla er eller skal vere…

Forfattarrolla blir revurdert. Igjen. Denne gongen er det kulturkomiteen i Stortinget som bestiller ein definisjon og ei rolleavklaring på kva forfattarrolla er eller skal vere i Noreg i dag. Det var konklusjonen etter "open høyring" på eit miniseminar mellom styret i DnF og kulturkomitéen på Forfatternes Hus fredag 30. september. 

Arbeidskår, føresetnader, rammeverk og vilkår for å utvikle norsk litteratur. Dette er ting Stortingets kulturkomité snakkar med DnF om, vanlegvis. Ofte går samtala føre seg mellom DnF-leiar Anne Oterholm og ulike medlemer av komiteen. Men fredag fekk mange frå styret i DnF møte kulturkomiteen: 
– Kva er forfattaren si rolle no, og kva har rolla vore gjennom epokane? spør Olaf Michael "Olemic" Thommessen (H). Tidlegare DnF-leiar Toril Brekke, som er på seminaret for å innleie, trekk linjer attende til sin eigen forfattardebut på søttitalet. "Jenny har fått sparken" kom i 1976, to år etter Dag Solstads "25. septemberplassen", året før hans "Svik. Førkrigsår". Det var ei tid då marxisme var den rette sida, og kor forfattaren skulle meine. 
– Eg las Solstad og dei andre, men meinte at eg kunne skrive om politikk på ein betre måte, smiler Brekke. Thommessen og andre etterlyser då den engasjerte, norske forfattaren i dag. Han som skriv såkalla politisk. Gunstein Bakke, også han i seminaret som invitert forfattar, fortel om då han var 25 og barberte av seg alt håret, såg blankskallen sin i spegelen, og tenkte No liknar eg ein typisk meiningsprodusent.
Meiningsprodusent er det siste Bakke har lyst til å vere. Også Helene Uri frå DnF sitt styre tar opp den tråden. Ho har ein doktorgrad i anvendt lingvistikk, men er blant dei som med jamne mellomrom blir kontakta av media for å uttale seg om dette og hint.  
– Eg trur at forfattarar stort sett har lyst til å uttale seg om det som dei er ekspertar på, om det er vedhogging, gamle bilar, pop og rock eller mellomalderlyrikk. I tillegg kan alle forfattarar noko om språk. Det gjeld også dei som ikkje er lingvistar. Forfattarar er viktige i kampen for å bevare norsk som det samfunnsberande språket i Noreg i all overskodeleg framtid. Det viktigaste er å vise språkbrukarar at norsk dug, at vi kan seie alt vi vil på norsk, at Tom Egeland på norsk er like bra som Dan Brown på engelsk, seier Uri. Egeland sit sjølv ved langbordet i Forfatternes Hus, og har dette å seie til kulturkomiteen: 
– Vi treng eit mangfald i norsk litteratur. Utan gode støtteordningar, vil ikkje mangfaldet bestå. Då vil bare blockbusters og bestselgarar overleve. Forfattarar som Herbjørg Wassmo, Per Petterson, Lars Saabye Christensen var også ein gong unge, nye forfattarar som trong gode rammevilkår for å etablere seg, seier Egeland. Han er jo sjølv ein bestselgar som er mindre avhengig av stipend og liknande enn kva dei fleste er, men talar varmt for eit mangfald.   

Skatt, boklov, momsfritak

I den grad styret i DnF utfordra kulturkomiteen på ei sak, så gjaldt det pensjonsordninga. Anne Oterholm kommenterar:
– Pensjonsordninga fell heilt skeivt ut for dei aller fleste kunstnarane i dag, seier ho. Styret i DnF bad politikarane om å sette ned eit utval for å utgreie og sjå på korleis ordninga verkar for kunstnarar i Noreg i dag.  Mellom andre spørsmål frå kulturkomiteen til styret i DnF, var den om momsfritak: Kvifor er det så viktig? Oterholm er ikkje i tvil om at momsfritak, altså nullmoms, er heilt på sin plass. Grunnen er mellom anna at norske e-bøker må konkurrere med billegare utanlandske, særleg engelske bøker. Ettersom den engelske bokmarknaden alltid vil vere uendeleg mykje større enn den norske, vil også dei engelske bøkene vere langt rimelegare å produsere enn dei norske. Momsen aukar skilnaden mellom dei norske og dei engelske bøkene. Komiteen ville då vite noko om forholdet til forlaga; om maktbalansen, og om forfattaren treng forlaga viss e-bøker slår gjennom for alvor. Oterholm kommenterar: 
– Forlaga sit på stor kompetanse som kjem forfattarar og litteraturen dei skriv til gode. Det redaksjonelle arbeidet er viktig, seier ho, sjølv om ho også meiner at bokbransjen truleg vil sjå ganske annleis ut om nokre år. Bokbransjen vil endre seg. Elles blir det peikt på logistikken rundt bokutgiving, og korleis forlaga har rutinar på dette som forfattarar ikkje har, noko som kan vere viktig for mange forfattarar.
Toril Brekke og Gunstein Bakke var til stades for å snakke om forfattarkvardagen. Brekke som ein som har drive på i 35 år og har skrive fleire titals bøker. Mange av dei har også seld særs godt. Bakke er ein treboksforfattar. Men til felles har dei erfaringa med å måtte ta på seg mange typar oppdrag og tekstarbeid for å overleve. Dei tar seg sjeldan råd til å seie "nei". De skal få høyre meir om desse to gjennom 

presentasjonar av dei 

og av framlegga deira.